2 Kings 8NO1978NN

1Ein dag sa Elisja til mor åt den guten han hadde vekt til live: «Gjer deg ferdig, ta ut med huslyden din og gjev deg til ein annan stad, der det måtte høva. For Herren har kalla på hungersnauda. No kjem ho over landet og skal vara i sju år.»

2Kona ferda seg til og gjorde som gudsmannen sa: Ho tok ut med heile huslyden sin, og i sju år budde ho i Filistarlandet.

3Då dei sju åra var lidne, kom kona heim att frå Filistarlandet. Ho gjekk til kongen og ville be om hjelp til å få att huset sitt og jorda si.

4Kongen tala nett då med Gehasi, som hadde vore tenar hjå gudsmannen, og bad han fortelja om dei store undera Elisja hadde gjort.

5Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt opp den døde guten, kom mor til guten. Ho bad kongen om hjelp til å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kona, og her er son hennar, som Elisja vekte opp.»

6Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han ein av hoffmennene med henne og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt det som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet, og til no.»

7Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Benhadad, aramearkongen, låg sjuk. Då kongen fekk melding om at gudsmannen var komen,

8sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Bed han spørja Herren om eg skal koma meg av denne sjukdomen!»

9Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera. Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, Benhadad, kongen i Aram, sender meg til deg og spør om han skal koma seg av denne sjukdomen.»

10Elisja svara: «Gå og sei til kongen at han skal koma seg. Men Herren har synt meg at han skal døy.»

11Gudsmannen stirte lenge på han. Så tok han til å gråta.

12«Kvifor græt du, herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit kor mykje vondt du kjem til å gjera israelittane. Du kjem til å setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»

13Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»

14Så skildest dei, og Hasael gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å leva.»

15Men dagen etter tok Hasael eit klede, duppa det i vatn og breidde det over andletet hans, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.

16I det femte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda, medan far hans endå styrte der.

17Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

18I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

19Men for Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.

20I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.

21Då drog Joram over til Sa’ir med alle stridsvognene sine. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene. Men hæren rømde og fór heim.

22Edomittane reiv seg laus frå Juda, og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus.

23Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

24Joram gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i Davids-byen, og Akasja, son hans, vart konge etter han.

25I det tolvte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Akasja, son til Joram, konge i Juda.

26Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri.

27I si ferd var Akasja som kongane av Akabs ætt. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens augo; for han var knytt til Akabs-ætta ved giftarmål.

28Saman med Joram Akabsson gjorde Akasja ei hærferd mot aramearkongen Hasael og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.

29Så fór kong Joram heim att til Jisre’el, han ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Ramot då han stridde mot kong Hasael. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre’el og ville sjå om Joram Akabsson, medan han låg sjuk.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.