1I hans dagar gjorde Nebukadnesar, kongen i Babylonia, ei hærferd. Jojakim gav seg under han og lydde han i tre år, men så gjorde han opprør.
2Då sende Herren herjeflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda av di han ville gjera ende på folket. For så lydde det ordet som Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane.
3Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Såleis ville han støyta dei bort frå seg på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.
4Han tok då livet av så mange skuldlause menn at han fylte Jerusalem med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.
5Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
6Jojakim gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Jojakin, son hans, vart konge etter han.
7Kongen i Egypt drog ikkje ut or landet sitt meir; for babylonarkongen hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til Eufrat.
8Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.
9Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som far hans hadde gjort.
10På den tid drog mennene til Nebukadnesar, kongen i Babylonia, i hærferd mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
11Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen.
12Då gav Jojakin, Juda-kongen, seg over til babylonarkongen saman med mor si og mennene, hovdingane og hoffmennene sine. Og babylonarkongen tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.
13Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongsgarden og braut gullet av alle dei kar som Salomo, Israels-kongen, hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.
14Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle hovdingane og rikmennene – ein fangeflokk på ti tusen – og alle handverkarane og smedane. Berre dei lågaste laga av folket vart att.
15Jojakin førte han òg til Babylonia. Og mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart tvinga til å fara frå Jerusalem til Babylonia.
16Rikmennene, sju tusen i talet, og handverkarane og smedane, eitt tusen mann, som alle var øvde krigarar, dei òg førte Nebukadnesar til Babylonia.
17I staden for Jojakin sette babylonarkongen Mattanja, farbror hans, til konge og endra namnet hans til Sidkia.
18Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.
19Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort.
20Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn. Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen.