2 Kings 21NO1978NN

1Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba.

2Manasse gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

3Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde øydelagt. Han reiste altar for Ba’al og laga Asjera-pålar, liksom Akab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.

4Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.»

5I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.

6Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.

7Asjera-biletet som Manasse hadde laga, sette han opp i det huset Herren hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset, i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

8Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova som Moses, tenaren min, gav dei.»

9Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.

10Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa:

11Fordi Manasse, Juda-kongen, har gjort så stygge ting, ting som er verre enn alt det amorittane før han gjorde, og med si avgudsdyrking har lokka Juda òg til synd,

12difor seier Herren, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over Jerusalem og Juda at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.

13Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Akabs ætt. Eg vil turka bort Jerusalem som når ein turkar av eit fat og snur det opp ned.

14Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.

15Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.

16Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.

17Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

18Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.

20Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.

21Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.

22Han gjekk bort frå Herren, sine fedrars Gud, og ferdast ikkje på Herrens veg.

23Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.

24Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.

25Det som elles er å seia om Amon og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

26Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.