2 Kings 11NO1978NN

1Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta.

2Men Josjeba, dotter til kong Joram og syster til Akasja, tok i løynd Joasj, son til Akasja, bort frå flokken av kongssøner som skulle drepast. Ho hadde han og fostermor hans inn i eit kammer. Der gøymde dei han for Atalja, så han ikkje vart drepen.

3Sidan var han hjå Josjeba i Herrens hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet.

4Men i det sjuande året sende Jojada bod etter livvakta og dei andre vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ein avtale med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så synte han dei kongssonen

5og sa frå kva dei skulle gjera: «Den tredjeparten av dykk som gjer teneste ved kongsgarden på sabbaten,

6den tredjeparten som er ved Surporten, og den som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved templet.

7Og to flokkar, alle de som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus.

8De skal fylka dykk rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i rekkjene, skal han drepast. De må fylgja kongen kvar han går og står.»

9Hovdingane over livvakta gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada.

10Presten lét hovdingane få dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.

11Og vaktmennene stelte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.

12Så leidde Jojada kongssonen ut, sette på han krona og gav han vitnemålet, og dei kåra han til konge og salva han. Og folket klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»

13Då Atalja høyrde korleis vaktmennene og folkehopen ropa, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

14Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og hovdingane og hornblåsarane attmed han, medan alt folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!»

15Men presten Jojada sa til hovdingane over livvakta, dei som stod over hæren: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, så hogg han ned med sverd!» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»

16Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der vart ho drepen.

17Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.

18Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei i knas, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altaret. Presten sette ut vaktpostar ved Herrens hus.

19Så tok han med seg hovdingane over livvakta, dei andre vaktmennene og alt folket. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og fylgde han inn i kongsgarden gjennom vaktmannsporten. Der sette han seg på kongsstolen.

20Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongsgarden.

21Joasj var sju år gamal då han vart konge.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.