1Då sa Salomo: Herren har sagt at han vil bu i skoddemørkret.
2No har eg bygt deg ein bustad, ein stad der du kan bu ¬til evig tid.
3Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan dei alle stod.
4Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som har gjort det han lova David, far min, då han sa:
5«Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Heller ikkje har eg valt ut nokon mann til å vere fyrste over Israel, folket mitt.
6Men eg valde Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»
7Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
8Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det.
9Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.»
10No har Herren oppfylt det ordet han tala. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
11Der har eg sett den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med israelittane.
12Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut hendene.
13Han hadde laga ein bronsetram, som var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg, og sett han midt i tempelgarden. På den stod han no. Så la han seg på kne framfor heile Israels-lyden, breidde ut hendene mot himmelen
14og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn vara ved, når dei av heile sitt hjarta ferdast for ditt åsyn.
15Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag.
16Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg etter mi lov, liksom du har gjort.»
17Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, tenaren din!
18Men er det så at Gud bur hjå menneska på jorda? Sjå, himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt!
19Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg!
20Vak over dette huset dag og natt, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden.
21Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!
22Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,
23då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Gjev den skuldige lika for det han har gjort, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd!
24Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset,
25då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav dei og fedrane deira.
26Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei,
27då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.
28Når det vert uår og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fiendar kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket,
29og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner, fordi dei, kvar og ein, kjenner seg tyngde av naud og sorg, og breier ut hendene sine mot dette huset,
30då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta.
31Så skal dei ottast deg og ferdast på dine vegar så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.
32Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte fordi dei har høyrt om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset,
33så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.
34Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot denne byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,
35då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.
36Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei bort til eit anna land, anten det er langt borte eller tett ved.
37Men så går dei i seg sjølve i det landet dei vart bortførte til, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.»
38Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i det landet der dei er fangar, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,
39då må du i himmelen, der du bur, høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett. Tilgjev folket ditt at dei har synda mot deg!
40Så lat då, min Gud, augo dine vera opne og øyro dine vende til den bøna som stig opp frå denne staden.
41Reis deg no, Herre Gud, og kom til den stad der du slår deg til ro, du og ditt veldes kiste. Prestane dine, Herre Gud, skal vera kledde i frelse, og dei som held di pakt, skal gleda seg ¬over dine gode gåver.
42Herre Gud, vis ikkje frå deg ¬den du har salva, kom i hug di miskunn ¬mot David, tenaren din!