1Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år.
2Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
3Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Ba’algudane og laga Asjera-pålar. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.
4Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt bu til evig tid.»
5I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.
6Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.
7Gudebiletet som Manasse hadde laga, sette han opp i Guds hus, det Gud hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset og i Jerusalem, som eg har valt ut innanfor alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.
8Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg etla fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova og alle dei boda og føresegnene som dei har fått gjennom Moses.»
9Men Manasse førte folket i Juda og Jerusalem vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.
10Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei brydde seg ikkje om det.
11Difor sende Herren hærførarane åt assyrarkongen mot dei. Og dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylonia.
12Men då han var i naud, bad han Herren sin Gud om nåde og audmykte seg djupt for sine fedrars Gud.
13Og Herren lydde etter då han bad. Han høyrde den inderlege bøna hans, førte han tilbake til Jerusalem og lét han få att riket sitt. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.
14Sidan bygde han ein ytre mur om Davids-byen, vestanfor Gihon, nede i dalen, fram til Fiskeporten. Han lét muren gå kring Ofel og gjorde han retteleg høg. Og i alle festningsbyane i Juda sette han hærførarar.
15Så hadde han bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet, og like eins alle dei altara han hadde reist på Herrens tempelberg og i Jerusalem, og kasta dei utanfor byen.
16Han sette i stand Herrens altar og bar fram måltidsoffer og takkoffer på det. Og han sa til folket i Juda at dei skulle tena Herren, Israels Gud.
17Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.
18Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet åt Herren, Israels Gud, det står skrive i boka om Israels-kongane.
19Og bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, og all synda og utruskapen hans og dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete, før han audmykte seg, alt det er det skrive om i boka åt sjåarane hans.
20Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i huset hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
21Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.
22Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebilete som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei.
23Men han audmykte seg ikkje for Herren, som Manasse, far hans, hadde gjort. Han berre auka syndeskulda.
24Mennene til Amon svor seg saman mot han og drap han i hans eige hus.
25Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.