2 Chronicles 29NO1978NN

1Hiskia vart konge då han var tjuefem år gamal, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abia og var dotter til Sakarja.

2Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort.

3I det fyrste styringsåret sitt, i den fyrste månaden, opna han atter dørene til Herrens hus og sette dei i stand.

4Så sende han bod etter prestane og levittane, samla dei på den opne plassen i aust

5og sa til dei: Høyr på meg, de levittar! Helga no fyrst dykk sjølve, og helga så huset åt Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!

6For fedrane våre har bore seg trulaust åt. Dei har gjort det som vondt er i Herrens augo, og skilt seg frå han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snutt ryggen til han.

7Dei har jamvel stengt dørene til forhalla og sløkt lampene; dei har ikkje brent røykjelse og ikkje bore fram brennoffer for Israels Gud i heilagdomen.

8Difor er Herrens vreide komen over Juda og Jerusalem, og han har gjeve folket over til redsle, tyning og spott, som de ser det med eigne augo.

9Sjå, fedrane våre er falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.

10Men no har eg tenkt å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.

11Slå dykk ikkje til ro, sønene mine! For dykk har Herren valt til å stå for hans åsyn og tena han, til å vera tenarane hans og ofra til han.

12Då tok levittane til med arbeidet. Av Kehat-sønene var det Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja, av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel, av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah,

13av Elisafan-sønene Sjimri og Je’uel, av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja,

14av Heman-sønene Jehuel og Sjimi, og av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.

15Dei samla brørne sine og helga seg, og så gjekk dei inn og reinsa Herrens hus, som kongen hadde sagt dei etter Herrens ord.

16Prestane gjekk inn i Herrens hus og ville reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.

17Det var den fyrste dagen i den fyrste månaden dei tok til å helga seg, og den åttande dagen gjekk dei inn i forhalla til Herrens hus. Så helga dei templet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige.

18Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «No har vi reinsa heile Herrens hus og brennofferaltaret med alt som til høyrer, og skodebrødsbordet med alt som til høyrer.

19Og alle dei kar som kong Akas i sin utruskap hadde vanhelga den tid han rådde for riket, dei har vi vølt og helga, og no står dei framfor Herrens altar.»

20Tidleg andre morgonen samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus.

21Dei hadde med seg sju oksar, sju verar, sju lam og sju bukkar til syndoffer for riket, for heilagdomen og for folket i Juda. Og kongen baud Arons-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar.

22Dei slakta då oksane, og prestane tok imot blodet og skvette det på altaret. Så slakta dei verane og skvette blodet på altaret, og det same gjorde dei med lamma.

23Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og lyden. Dei la hendene sine på dei,

24og prestane slakta dei og skvette blodet deira på altaret som syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile folket.

25Samstundes lét han levittane stella seg opp i Herrens hus med cymblar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren åt kongen, og Natan, profeten, hadde føreskrive. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.

26Så stod då levittane der med dei instrumenta David hadde fastsett, og prestane med trompetar.

27Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, røysta dei i songen for Herren, til tonar frå trompetane og dei andre instrumenta David, Israels konge, hadde fastsett.

28Heile lyden kasta seg ned, og songen ljoma og trompetane klang; alt dette heldt ved til ofringa var slutt.

29Då dei hadde bore fram offeret, la dei seg på kne og tilbad, både kongen og alle som var saman med han.

30Så baud kong Hiskia og stormennene at levittane skulle lovsyngja Herren med ord av David og sjåaren Asaf. Og dei lova han med glede og bøygde seg i tilbeding.

31Då tok Hiskia til ords og sa: «No har de hendene fulle av gåver til Herren. Kom hit og ha med dykk slaktoffer og takkoffer til Herrens hus!» Då kom lyden med slaktoffer og takkoffer, og alle som kjende seg drivne til det, hadde med seg brennoffer òg.

32Talet på dei brennofferdyr som lyden bar fram, var: sytti oksar, hundre verar og to hundre lam. Alt dette var etla til brennoffer for Herren.

33Dei andre offergåvene som vart framborne, var seks hundre oksar og tre tusen sauer.

34Men prestane var for få til å flå alle offerdyra. Difor fekk dei hjelp av levittane, brørne sine, til arbeidet var fullført, og alle prestane hadde helga seg. For levittane hadde synt ærlegare vilje til å helga seg enn prestane.

35Så var det då òg ei mengd med brennoffer å bera fram, og attåt dei kom feittet av måltidsoffera og like eins drikkofferet som høyrde brennoffera til. Såleis kom tenesta i Herrens hus i rett skikk.

36Og Hiskia og heile folket gledde seg over det som Gud hadde gjort for folket; for alt hadde gått så snøgt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.