2 Chronicles 13NO1978NN

1I det attande styringsåret åt Jeroboam vart Abia konge i Juda.

2Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Uriel frå Gibea. Mellom Abia og Jeroboam var det ufred.

3Abia byrja krigen med ein hær av djerve stridsmenn, fire hundre tusen utvalde krigarar. Men Jeroboam fylka mot han ein hær på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve stridsmenn dei òg.

4Abia gjekk opp på Semarajim-fjellet, som ligg i Efraim. Han steig fram og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!

5De veit då at Herren, Israels Gud, gav David og etterkomarane hans kongedømet i Israel til evig tid, og det stadfeste han med ei pakt som vart vigsla med salt.

6Men Jeroboam Nebatsson, som tente Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin.

7Det samla seg om han ein flokk lause karar og ringe menn. Dei fekk makta over Rehabeam, son til Salomo. Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå seg mot dei.

8Og no tenkjer de at de kan stå dykk mot Herrens kongedøme, som Davids-sønene har i si hand. De er då ein stor hop og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk.

9Har de ikkje jaga bort Herrens prestar, Arons-sønene, og levittane og sett inn eigne prestar liksom folka i andre land? Kvar den som kjem med ein ung okse og sju verar og vil få prestevigsle, han vert prest for desse gudane, som ikkje er gudar.

10Men vår Gud er Herren, og vi har ikkje gått bort frå han. Dei prestane som gjer teneste for Herren, er etterkomarar etter Aron, og levittane greier arbeidet sitt.

11Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer og velluktande røykjelse for Herren og legg fram skodebrød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-ljosestaken. For vi held oss etter det som Herren vår Gud har fastsett; men de har gått bort frå han.

12Sjå, Gud er med oss, og han er føraren vår. Vi har prestane hans mellom oss, og dei skal blåsa i trompetar når vi går til strid mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For det skal ikkje lukkast for dykk.

13Imedan hadde Jeroboam late ein flokk gå utanom judearane og koma bak dei, såleis at dei hadde hæren framføre seg og denne flokken i ryggen.

14Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei hadde fiendar både framfor og bak seg, ropa dei til Herren. Prestane bles i trompetane,

15og mennene sette i eit høgt rop. Som no hærropet frå Juda-mennene ljoma, laga Gud det så at Jeroboam og heile Israels-hæren tapte for Abia og Juda-hæren.

16Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei i deira vald.

17Abia og folket hans hogg ned ei mengd med israelittar. Av dei utvalde mennene deira låg fem hundre tusen drepne på slagmarka.

18Såleis vart israelittane kua den gongen. Juda-mennene vann, fordi dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud.

19Abia sette etter Jeroboam og tok frå han byane Betel, Jesjana og Efron, alle med småbyane som høyrde til.

20Jeroboam kom ikkje til makt meir så lenge Abia levde. Og Herren slo han, så han døydde.

21Men Abia fekk stort velde. Han tok seg fjorten koner og fekk tjueto søner og seksten døtrer.

22Det som elles er å seia om Abia, om det han gjorde og sa, det står skrive i sogeboka åt profeten Iddo.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.