2 Chronicles 1NO1978NN

1Salomo, son til David, styrkte kongedømet sitt. Herren hans Gud var med han og gjorde han stor og mektig.

2Salomo stemnde til seg heile Israel: førarane for flokkar på tusen og hundre, domarane og alle stormennene i heile Israel, hovdingane over ættene,

3og drog så med heile møtelyden til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds møtetelt, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i øydemarka.

4Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til åt henne. For han hadde reist eit telt åt henne i Jerusalem.

5Men bronsealtaret som Besalel, son til Uri Hursson, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og dei som han hadde kalla saman.

6Og der, på bronsealtaret som høyrde møteteltet til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.

7Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Sei kva du vil eg skal gje deg!»

8Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.

9Så lat det no, Herre Gud, gå som du lova David, far min! For du har gjort meg til konge over eit folk som er talrikt som støvet på jorda.

10Gjev meg no visdom og skjøn, så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»

11Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære eller at fiendane dine skulle døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men bad om visdom og skjøn, så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over,

12så skal du få visdom og skjøn. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, gods og ære som ingen av kongane før deg har hatt, og ingen etter deg kjem til å få.»

13Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå møteteltet og heim til Jerusalem. Og han tok styret over Israel.

14Salomo fekk seg mange vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.

15Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.

16Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling.

17Kvar vogn som dei førte heim frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.