1Men om tider og timar treng vi ikkje skriva til dykk, brør.
2For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta.
3Når dei seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda. Og dei skal ikkje sleppa unna.
4Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.
5For de er alle born av ljoset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til.
6Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!
7For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg drukne, gjer det om natta.
8Men vi som høyrer dagen til, lat oss vera vakne, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.
9For Gud har ikkje etla oss til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus.
10Han døydde for oss, så vi, anten vi vaker eller søv, skal leva saman med han.
11Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
12Vi bed dykk, brør, at de må skjøna på dei som arbeider mellom dykk, dei som er dykkar forstandarar i Herren og rettleier dykk.
13De skal elska dei og setja dei overlag høgt på grunn av den gjerning dei har. Hald fred med kvarandre!
14Vi legg dykk på hjarta, brør: Tal til rettes dei som lever eit vørdlaust liv, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver langmodige mot alle!
15Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!
16Ver alltid glade!
17Bed uavlatande!
18Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.
19Sløkk ikkje ut Anden!
20Vanvørd ikkje profetord,
21men prøv alt, og hald fast på det gode!
22Hald dykk frå vondskap av alle slag!
23Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må haldast uskadde, så de kan vera ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!
24Han som kallar dykk, er trufast; han skal gjera det.
25Brør, bed for oss!
26Helsa alle brørne med ein heilag kyss!
27Eg byd dykk ved Herren at dette brevet vert opplese for alle brørne.
28Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!