1 Samuel 6NO1978NN

1Då Herrens paktkiste hadde vore i Filistarlandet i sju månader,

2kalla filistarane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne attende til den staden der ho høyrer heime!»

3Dei svara: «Sender de paktkista åt Israels Gud frå dykk, må de ikkje senda snaue kista, men gje ei soningsgåve til vederlag. Då vert de friske og får vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.»

4Filistarane spurde: «Kva slag soningsgåve skal vi gje til vederlag?» Dei andre svara: «Fem svullar av gull og fem myser av gull, etter talet på filistarfyrstane. For det er ei og same plaga som har råka dykk alle, jamvel fyrstane.

5De skal laga etterlikningar av svullane dykkar og av mysene som herjar landet, og gje Israels Gud ære. Så tek han kanskje den tunge handa si bort både frå dykk og guden og landet dykkar.

6Kvifor er de så stridlyndte, liksom egyptarane og farao var? Laut dei ikkje sleppa Israel av stad etter at Herren hadde fare ille med dei?

7Ta no og lag ei ny vogn, og henta to nybære kyr som det ikkje har vore åk på. Set kyrne for vogna, men ta kalvane frå dei og lat dei vera att heime.

8Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin attmed kista. Send henne så av garde!

9Sjå etter om ho tek vegen oppover til sitt eige land, til Bet-Sjemesj. Då er det Herren som har sendt denne store ulukka over oss. Men fer ho ikkje den vegen, veit vi at det ikkje er hans hand som har råka oss. Då er det berre ein vanlagnad vi har vore ute for.»

10Mennene gjorde som dei var føresagde. Dei henta to nybære kyr og sette dei for vogna. Men kalvane heldt dei att heime.

11Så sette dei Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmysene og bileta av svullane.

12Kyrne tok beine vegen mot Bet-Sjemesj. Rautande gjekk dei, og same leia heldt dei heile tida. Dei bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre. Og filistarfyrstane fylgde etter heilt til grensa mot Bet-Sjemesj.

13Folket i Bet-Sjemesj heldt på og skar kveiten nede i dalen. Då dei såg opp, fekk dei auga på paktkista, og dei vart glade då dei såg henne.

14Vogna kom inn på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj og stogga. Der låg det ein stor stein. Dei hogg sund treverket i vogna og ofra kyrne som brennoffer til Herren.

15Levittane tok ned Herrens paktkiste og skrinet med gullsakene som stod attmed henne, og sette dei på den store steinen. Den dagen ofra mennene i Bet-Sjemesj brennoffer og slaktoffer til Herren.

16Dei fem filistarfyrstane såg på dette og fór same dagen attende til Ekron.

17Dette er dei gullsvullane som filistarane gav Herren til vederlag: ein for Asjdod, ein for Gasa, ein for Asjkalon, ein for Gat og ein for Ekron.

18Gullmysene svara til talet på alle dei byane som låg under dei fem filistarfyrstane, både festningsbyane og landsbyane. Eit vitne om dette er den store steinen på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj, den steinen som dei sette Herrens paktkiste på; han ligg der den dag i dag.

19Men Herren slo ned nokre av mennene i Bet-Sjemesj, fordi dei hadde sett på Herrens paktkiste. Sytti mann av dei slo han ned. Og folket syrgde fordi han hadde valda så stort mannefall mellom dei.

20Då sa folket i Bet-Sjemesj: «Kven kan stå seg for Herren, ein heilag Gud som han? Og kvar skal han fara når vi sender han frå oss?»

21Så sende dei bod til folket i Kirjat-Jearim og sa: «Filistarane har sendt Herrens paktkiste attende. Kom og henta henne opp til dykk!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.