1 Samuel 29NO1978NN

1Filistarane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir attmed kjelda utanfor Jisre’el.

2Filistarfyrstane førte fram fylkingar på tusen og på hundre, og til sist kom David og mennene hans saman med Akisj.

3Då sa filistarfyrstane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara: «Dette er David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen. Han har vore hjå meg i over eitt år, og eg har ikkje funne noko å lasta han for frå den dagen han gjekk over til meg, og til no.»

4Men fyrstane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Lat han fara heim att til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen; for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis kunne han lettare vinna att godviljen hjå herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?

5Dette er då den same David som kvinnene song om medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusental, men David i titusental.»

6Då kalla Akisj David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever: Du er ein ærleg mann. Og eg ville gjerne at du skulle gå ut og inn hjå meg i leiren; for eg har ikkje funne noko vondt hjå deg frå den dagen du kom til meg, og til no. Men fyrstane likar deg ikkje.

7Så far no heim att i fred, så du ikkje gjer noko som filistarfyrstane mislikar.»

8David svara: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å seia på tenaren din frå den dagen eg kom til deg og til no, sidan eg ikkje får vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?»

9Akisj sa: «Eg er viss på at du er like trufast som Guds engel. Men filistarfyrstane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen.

10Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene åt herren din som har fylgt deg hit. Gjer dykk ferdige og far av stad så snart det ljosnar.»

11Morgonen etter stod David og mennene hans tidleg opp og fór attende til Filistarlandet. Men filistarane drog opp til Jisre’el.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.