1 Samuel 19NO1978NN

1Ein gong tala Saul med Jonatan, son sin, og med alle mennene sine om å få David drepen. Men Jonatan, son til Saul, hadde David kjær.

2Difor fortalde han dette til David og sa: «Saul, far min, tenkjer på å drepa deg. Ta deg i vare i morgon tidleg! Finn deg ein gøymestad og hald deg der!

3Så skal eg gå ut på marka der du er, stå attmed far og tala med han om deg. Og merkar eg noko, skal eg seia deg det.»

4Jonatan tala vel om David for Saul, far sin, og sa: «Kongen må ikkje gjera urett mot David, tenaren sin; for han har ikkje gjort urett mot deg. Det han har gjort, har heller vore til stort gagn for deg.

5Han våga livet og felte filistaren, og Herren lét heile Israel vinna ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor vil du då gjera synd mot skuldlaus mann og drepa David utan grunn?»

6Saul høyrde på Jonatan og svor: «Så sant Herren lever: Han skal ikkje missa livet!»

7Då ropa Jonatan på David og fortalde han alt saman. Sidan leidde han David fram for Saul, og David vart verande hjå han som før.

8Men ufreden varte ved, og David drog ut og stridde mot filistarane. Han felte ei mengd av dei, og dei rømde for han.

9Då kom det ei vond ånd frå Herren over Saul medan han sat i huset sitt med spydet i handa, og David spela på harpa.

10Saul prøvde å renna spydet gjennom David og inn i veggen. Men David bøygde seg unna, og spydet fór i veggen. Då rømde David og kom seg bort. Same natta

11sende Saul nokre menn til Davids hus. Dei skulle vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Bergar du deg ikkje unna i natt, vert du drepen i morgon.»

12Så firte ho han ned frå vindauga, og han rømde og kom seg bort.

13Sidan tok Mikal husguden og la opp i senga. Ho la eit teppe av geiteragg attmed hovudet hans og breidde eit åklede over.

14Då Saul sende folk som skulle henta David, sa ho: «Han er sjuk.»

15Så sende Saul same mennene av stad for at dei skulle sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga! Han skal døy.»

16Men då mennene kom inn, fekk dei sjå at det var husguden som låg i senga med raggteppet attmed hovudet.

17Då sa Saul til Mikal: «Kvifor har du narra meg slik og hjelpt fienden min til å sleppa unna?» Mikal svara: «Han sa til meg: Lat meg få sleppa bort, elles drep eg deg.»

18Då David hadde rømt og kome seg unna, fór han til Samuel i Rama og fortalde korleis Saul hadde bore seg åt mot han. Så gjekk han og Samuel til Nevajot og gav seg til der.

19Med det same Saul fekk vita at David var i Nevajot ved Rama,

20sende han nokre menn dit som skulle henta han. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var i profetisk glød, og Samuel, som stod framføre dei, kom Guds Ande over utsendingane frå Saul, og dei vart gripne av profetisk glød, dei òg.

21Då Saul fekk vita om det, sende han andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Tredje gongen sende Saul folk dit, men dei kom i profetisk glød, dei òg.

22Til sist gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brunnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.»

23Så gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds Ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama.

24Då reiv Saul av seg kleda, liksom dei andre, og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød, til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.