1 Samuel 14NO1978NN

1Ein dag sa Jonatan, son åt Saul, til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til filistarforposten der borte på hi sida!» Men han nemnde det ikkje for far sin.

2Saul låg då i utkanten av Gibea, under granatapalen i Migron. Folket som var med han, talde om lag seks hundre mann.

3Der var òg Akia, son til Akitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo; det var han som då bar efoden. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.

4På kvar side av skaret der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.

5Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt for Mikmas, den andre på sørsida, midt for Geba.

6Så sa Jonatan til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Herren hjelper oss nok. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»

7Våpensveinen svara: «Gjer alt det du har i tankar. Gå berre på! Eg fylgjer deg kvar du vil.»

8Då sa Jonatan: «No går vi bortover til karane, så langt at dei får auga på oss.

9Seier dei då: Stå stille til vi kjem bortåt dykk, så stoggar vi der vi er, og går ikkje opp til dei.

10Men seier dei: Kom opp til oss, så tek vi det til teikn på at Herren har gjeve dei i vår hand, og vi går opp.»

11Då filistarane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or holene dei har gøymt seg i.»

12Mennene på forposten ropa til Jonatan og våpensveinen hans: «Kom opp til oss, så skal vi seia dykk noko.» Då sa Jonatan til våpensveinen: «Fylg meg, for Herren har gjeve dei i Israels vald.»

13Så kleiv Jonatan opp på hender og føter, og våpensveinen fylgde. Jonatan hogg dei ned, og våpensveinen kom etter og gjorde det av med dei.

14I dette fyrste åtaket som Jonatan og våpensveinen hans gjorde, felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag.

15Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Jamvel forposten og herjeflokken skalv av skrekk, og jorda riste. Det var Gud som slo alle med redsle.

16Vaktpostane til Saul i Gibea i Benjamin såg at fiendehæren var i oppløysing og bylgja hit og dit.

17Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som vantar.» Så heldt dei mønstring, og det synte seg at Jonatan og våpensveinen hans var borte.

18Då sa Saul til Akia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var på den tid hjå israelittane.

19Men medan Saul tala med presten, auka ståket i filistarleiren meir og meir, og han sa til presten: «Nei, lat det vera!»

20Så samla Saul alt folket sitt. Men då dei kom dit striden stod, fekk dei sjå at filistarane hadde vendt sverda mot kvarandre, og alt var i røre.

21Dei hebrearane som til no hadde stått under filistarane, og som hadde vore med dei på hærferdene deira, gjekk over til israelittane som fylgde Saul og Jonatan.

22Då dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraims-fjella, fekk høyra at filistarane hadde rømt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg.

23Såleis hjelpte Herren Israel den dagen. Striden breidde seg bort imot Bet-Aven,

24og det røynde hardt på for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna vere den som tek til seg mat før det vert kveld og eg har fått hemn over fiendane mine!» Difor var det ingen i hæren som smaka mat.

25På marka var det vokskaker med honning i.

26Då folket kom over vokskakene, såg dei at dei var fulle av honning; men ingen tok noko av det i munnen. Slik age hadde folket for eiden.

27Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, og stakk enden på han ned i ei vokskake og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i augo.

28Ein av mennene tok til ords og sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna vere den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er trøytte.»

29Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre korleis eg fekk att glansen i augo då eg smaka litt på denne honningen.

30Kor mykje større hadde ikkje mannefallet vorte hjå filistarane dersom folka i dag hadde fått eta seg mette av hærfanget dei har teke frå fienden.»

31Den dagen slo dei filistarane og forfylgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men då var folka reint utmødde.

32Dei kasta seg over hærfanget, tok sauer og oksar og kalvar, slakta dei på marka og åt kjøtet med blodet i.

33Det kom nokre menn til Saul og sa: «Folket syndar mot Herren; dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause; velt no hit ein stor stein!»

34Så sa han: «Gå ikring mellom folket og sei til dei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta og eta dei her. Dermed treng dei ikkje eta kjøt med blod i og såleis synda mot Herren.» Då kom kvar mann i hæren med oksen sin og slakta han der om natta.

35Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det fyrste altaret han bygde for Herren.

36Sidan sa Saul: «Lat oss setja etter filistarane i natt og herja mellom dei til dagen renn. Lat oss øyda dei ut til siste mann!» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss fyrst stiga fram for Gud!»

37Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistarane? Vil du gje dei i Israels vald?» Men Gud svara han ikkje den gongen.

38Då sa Saul: «Kom hit, alle hovdingar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag.

39For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.

40Då sa han til heile Israel: «Stå de på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»

41Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.

42Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min!» Og loddet fall på Jonatan.

43Då sa Saul til Jonatan: «Fortel meg kva du har gjort!» Jonatan fortalde han det: «Eg tok litt honning på enden av staven som eg hadde i handa, og smaka på den. Her står eg; eg er budd på å døy.»

44Saul sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om du ikkje må døy etter dette, Jonatan.»

45Men folket sa til Saul: «Skal Jonatan døy, han som har vunne denne store sigeren for Israel? Det må aldri henda! Så sant Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet hans! For det er med Guds hjelp han har gjort det han har gjort i dag.» Såleis berga folket Jonatan, og han slapp døy.

46Så drog Saul oppetter og forfylgde ikkje filistarane meir, og filistarane fór heim til sitt land.

47Då Saul hadde fått kongsmakt i Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistarane. Og kvar han vende seg, vann han siger.

48Saul gjorde storverk; han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra det.

49Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer; den eldste heitte Merab og den yngste Mikal.

50Kona til Saul heitte Akinoam; ho var dotter til Akima’as. Hærføraren hans heitte Abner; han var son til Ner, Sauls farbror.

51For Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner til Abiel.

52Striden mot filistarane var hard så lenge Saul levde. Og når Saul såg sterke og djerve menn, tok han dei i si teneste.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.