1 Samuel 12NO1978NN

1Sidan sa Samuel til heile Israel: «No har eg gjort dykk til viljes i alt de har bede meg om, og sett ein konge over dykk.

2Heretter er det kongen som skal vera styraren dykkar. Eg er gamal og grå, og sønene mine er mellom dykk. Frå eg var ung og til denne dag har eg vore styraren dykkar.

3Her står eg. Før no klagemål mot meg framfor Herren og den han har salva! Er det nokon eg har teke okse eller esel frå? Er det nokon eg har gjort urett eller fare hardt med? Er det nokon eg har teke imot gåver av, så eg skulle lata att augo for eitkvart? Om så er, vil eg gje dykk vederlag.»

4Dei svara: «Du har korkje gjort oss urett eller fare hardt med oss eller teke imot gåver av nokon.»

5Då sa han til dei: «Så er Herren vitne mot dykk, og den han har salva, er i dag vitne på at de ikkje har funne skuld hjå meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.»

6Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som lét Moses og Aron stå fram, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt.

7Stig no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens åsyn og fortelja dykk om alle dei frelsesverk Herren har gjort mot dykk og fedrane dykkar.

8Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut or Egypt og lét dei få bu her i landet.

9Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei over til Sisera, hærføraren i Hasor, til filistarane og til Moab-kongen. Alle desse kom og stridde mot dei.

10Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda. Vi har gått bort frå Herren og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta. Men frels oss no frå fiendane våre, så skal vi tena deg.»

11Så sende Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane dykkar rundt ikring, så de kunne bu trygt.

12Men då de såg at Nakasj, kongen i Ammon, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.

13Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. Herren har sett ein konge over dykk.

14Vil de no ottast Herren, tena og lyda han og ikkje setja dykk opp mot hans ord, men fylgja Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.

15Men vil de ikkje lyda Herren, og set de dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand råka dykk som ho råka fedrane dykkar.

16Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for augo på dykk!

17Som de veit, har vi i desse dagar kveiteskurden. No vil eg ropa til Herren, så sender han torever og regn. Då skal de skjøna og sjå kor stor ei synd de gjorde i Herrens augo då de kravde ein konge.

18Så ropa Samuel til Herren, og han sende torever og regn den dagen. Då fekk alt folket stor age for Herren og for Samuel,

19og dei sa til Samuel: «Bed til Herren din Gud for tenarane dine! Elles må vi døy. For attåt alle dei andre syndene våre har vi gjort den misgjerning å krevja ein konge.»

20Då sa Samuel til folket: «Ver ikkje redde! Visst har de gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje frå Herren, men ten han av heile dykkar hjarta!

21Vik ikkje frå han! Fylg ikkje gagnlause gudar, som korkje kan hjelpa eller frelsa; reine inkjevetta er dei.

22For sitt store namn skuld vil Herren ikkje støyta folket sitt frå seg. For han har sett seg føre å gjera dykk til sitt folk.

23Og eg, aldri skal eg gjera slik ei synd mot Herren som å halda opp med å be for dykk. Eg skal læra dykk den gode og rette vegen.

24Ha berre age for Herren, og ten han trufast og heilhjarta! Sjå kor store ting han har gjort for dykk!

25Men gjer de det som vondt er, kjem de til å gå til grunne, både de og kongen dykkar.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.