1 Kings 22NO1978NN

1No heldt aramearane og israelittane seg i ro i tre år; det var ingen ufred mellom dei.

2Men tredje året fór Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel.

3Då sa Israels-kongen til mennene sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Og så sit vi i ro og tek ikkje byen frå aramearkongen!»

4Og til Josjafat sa han: «Vil du vera med meg på ei hærferd mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

5Men sidan sa Josjafat: «Spør fyrst Herren til råds!»

6Då kalla Israels-kongen saman profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

7Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»

8Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

9Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

10Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine.

11Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»

12Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

13Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»

14Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»

15Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

16Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

18Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

19Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

20Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

21Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren.

22Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

23Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

24Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?»

25Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.»

26Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj

27og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!»

28Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!»

29Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

30Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden.

31No hadde aramearkongen sagt frå til dei trettito hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.»

32Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop.

33Og straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

34Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.»

35Striden vart hardare og hardare den dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane. Blodet rann frå såret ned i vogna, og då kvelden kom, døydde han.

36Ved soleglad gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»

37Såleis døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.

38Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans, medan skjøkjene lauga seg der. Det gjekk som Herren hadde sagt.

39Det som elles er å seia om Akab og alt det han gjorde, om elfenbeinshuset han reiste, og alle byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

40Så gjekk Akab til kvile hjå fedrane sine, og Akasja, son hans, vart konge etter han.

41Då Akab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.

42Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.

43Josjafat fylgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens augo.

44Likevel vart ikkje offerhaugane nedlagde; folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

45Josjafat levde i fred med kongen i Israel.

46Det som elles er å seia om Josjafat og dei storverk han gjorde, og krigane han førte, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

47Resten av dei som dreiv tempelutukt og som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut or landet.

48Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar stod for styret der.

49Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle gå til Ofir etter gull. Men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.

50Den gongen sa Akasja, son åt Akab, til Josjafat: «Lat mine folk fara saman med dine på skipa!» Men det ville ikkje Josjafat.

51Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen åt David, far sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.

52Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Akasja, son til Akab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.

53Akasja gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han fylgde den same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda.

54Han dyrka Ba’al og kasta seg ned for han og harma Herren, Israels Gud, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.