1 Kings 18NO1978NN

1Så gjekk det ei lang tid. Tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Akab! Eg vil senda regn over jorda.»

2Elia gjekk i veg og steig fram for Akab. Det var stor hungersnaud i Samaria.

3Då kalla Akab til seg Obadja, slottshovdingen sin. Obadja var ein mann som hadde stor age for Herren.

4Den gongen Jesabel rudde ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.

5No sa Akab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi då finn gras, så vi kan halda liv i hestar og muldyr og ikkje treng slakta noko av buskapen.»

6Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Akab fór ein veg og Obadja ein annan.

7Som no Obadja gjekk framover vegen, møtte han Elia. Med det same han drog kjensel på han, kasta han seg ned og sa: «Er det du, min herre Elia?»

8Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.»

9Men Obadja sa: «Kva vondt har eg gjort, sidan du vil gje meg i hendene på Akab og la han drepa meg?

10Så sant Herren din Gud lever: Det finst ikkje det folk eller rike som herren min ikkje har sendt bod til og spurt etter deg. Når dei så svara at du ikkje var der, lét han det riket og det folket gjera eid på at dei ikkje kunne finna deg.

11Og så seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her.

12Når eg no går frå deg, vil Herrens Ande ta deg og føra deg bort til ein stad som eg ikkje veit om. Kjem eg så og seier frå til Akab, og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då hatt age for Herren heilt ifrå ungdomen.

13Har du ikkje høyrt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde hundre mann i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.

14Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»

15Då sa Elia: «Så sant han lever, Herren, Allhærs Gud, som eg tener: I denne dag skal eg stiga fram for kongen.»

16Så gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og fortalde han dette, og Akab gjekk av stad, ville møta Elia.

17Med det same Akab vart var Elia, sa han: «Er du her, du som fører ulukke over Israel?»

18Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og ætta di. For de har vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba’al-gudane.

19Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Ba’al-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som går til bords hjå Jesabel!»

20Så sende Akab bod ikring til alle israelittane og stemnde profetane saman på Karmel-fjellet.

21Då steig Elia fram for alt folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Ba’al Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord.

22Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men Ba’al-profetane er fire hundre og femti mann.

23Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, lema han sund og leggja han på veden; men dei må ikkje kveikja eld på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld.

24Så kan de kalla på guden dykkar, og eg vil kalla på Herren. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Ja, lat det vera så!»

25Då sa Elia til Ba’al-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til fyrst, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!»

26Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og ropa på Ba’al frå morgon til middag. «Svar oss, Ba’al!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka dei kring altaret dei hadde reist.

27Då det var middag vorte, tok Elia til å spotta dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått for seg sjølv eller er ute og ferdast. Kan henda søv han og må vakna fyrst.»

28Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vis, til blodet rann ned over dei.

29Då det leid over middag, tok dei til å rasa. Såleis heldt dei på til den tid grødeofferet vert frambore. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara, og ingen som ansa dei.

30Då sa Elia til folkehopen: «Kom hit til meg!» Og alt folket gjekk bortåt han. Så bygde han opp att Herrens altar, som var nedrive.

31Han tok tolv steinar, ein for kvar av dei folkegreinene som var ætta frå sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.»

32Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei veit så stor at ho svara til ein åker som tek to mål såkorn.

33Han la veden til rettes, lema sund oksen og la han oppå veden.

34Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen.

35Vatnet rann rundt ikring altaret. Jamvel veita fylte han med vatn.

36Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kjent i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette!

37Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende til deg!»

38Då fór Herrens eld ned og øydde både offeret og veden, steinane og molda, og sleikte opp vatnet som var i veita.

39Då folket såg det, kasta dei seg til jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»

40Elia sa til dei: «Ta Ba’al-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Ba’al-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.

41Sidan sa Elia til Akab: «No kan du gå opp og få deg mat og drikke; for eg høyrer susen av regnet.»

42Då gjekk Akab opp og heldt måltid. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea.

43Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!»

44Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky som stig opp or havet. Ho er ikkje større enn neven på ein mann.» Då sa Elia: «Gå og sei til Akab at han må spenna føre og fara heim, så regnet ikkje skal hefta han!»

45På ein augneblink svartna himmelen til med skyer og storm, og det tok til å stridregna. Akab steig opp i vogna si og køyrde til Jisre’el.

46Då kom Herrens hand over Elia. Han batt beltet om livet og sprang føre Akab heilt til Jisre’el.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.