1 Kings 15NO1978NN

1I det attande styringsåret åt Jeroboam Nebatsson vart Abia konge i Juda.

2Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.

3Abia fylgde den same vegen som faren og gjorde dei same syndene som han. Han heldt seg ikkje til Herren sin Gud av heile sitt hjarta, som David, ættefar hans, hadde gjort.

4Men for Davids skuld lét Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem. Han gav han ein son som kunne fylgja etter han, og lét Jerusalem få stå.

5For David gjorde det som rett var i Herrens augo. I heile sitt liv veik han ikkje av frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria.

6Abia hadde ufred med Jeroboam så lenge han levde.

7Det som elles er å seia om Abia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Abia og Jeroboam låg i strid med einannan.

8Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han.

9I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.

10Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.

11Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.

12Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga.

13Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen.

14Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.

15Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting.

16Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

17Basja, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

18Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han gav det til mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han:

19«Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»

20Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og alle Kinneret-bygdene, attåt heile Naftali-landet.

21Då Basja fekk melding om det, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han busette seg i Tirsa.

22No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken; og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste kong Asa festningsverk i Geba i Benjamin og i Mispa.

23Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han gjorde, og om byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.

24Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i byen åt David, far sin, og Josjafat, son hans, vart konge etter han.

25I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.

26Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

27Basja, son til Akia av Jissakars-ætta, fekk til ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel bortmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.

28Det var i tredje styringsåret åt Asa, Juda-kongen, at Basja drap Nadab og vart konge etter han.

29Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams ætt. Han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætta, men rudde dei heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Akia frå Sjilo, tenaren sin.

30Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han harma Herren, Israels Gud.

31Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

32Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

33I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Akia, konge over heile Israel. Han styrte i Tirsa i tjuefire år.

34Basja gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som Jeroboam og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.