1Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han.
2På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod.
3Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.
4For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
5Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?
6Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.
7Det er tre som vitnar:
8Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.
9Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.
10Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.
11Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans.
12Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
13Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.
14Og denne frimodige tillit har vi til han at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.
15Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi så bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.
16Om nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, då skal han be for han, og Gud skal gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.
17All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.
18Vi veit at den som er fødd av Gud, syndar ikkje; for han som er fødd av Gud, vernar han, og den vonde rører han ikkje.
19Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde.
20Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss skjøn, så vi kjenner Den Sanne. Og vi er i han, Den Sanne, vi som er i Son hans, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.
21Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!