1 Chronicles 4NO1978NN

1Sønene til Juda var Peres, Hesron, Karmi, Hur og Sjobal.

2Reaja, son til Sjobal, fekk sonen Jahat, og Jahat fekk sønene Ahumai og Lahad. Det var Sora-ættene.

3Dette er sønene til Etam: Jisre’el, Jisjma og Jidbasj – dei hadde ei syster som heitte Haslelponi –

4Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, eldste son hennar Efrata og far til Betlehem.

5Asjkur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Na’ara.

6Med Na’ara fekk han sønene Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari. Dette var sønene til Na’ara.

7Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.

8Kos vart far til Anub, Hassobeba og til ættene åt Aharkel, son til Harum.

9Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For med verk og vande har eg født han,» sa ho.

10Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og stø meg med di hand! Å, om du ville laga det så at eg slepp unna ulukke og liding!» Og Gud lét det gå som han bad.

11Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.

12Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka.

13Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.

14Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn.

15Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Na’am, og son til Ela var Kenas.

16Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.

17Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbak, far til Esjtemoa.

18Mered hadde ei kone frå Juda; ho fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Mered fekk òg born med Bitja, dotter til farao, som han hadde gift seg med.

19Kona til Hodia, som var syster hans Naham, hadde desse sønene: far til Ke’ila frå Garem og Esjtemoa frå Ma’aka.

20Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.

21Etterkomarane etter Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei ættene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,

22Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde hatt eigedomar i Moab, men var komne heim att til Betlehem – etter gamle segner.

23Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta’im og Gedera. Der heldt dei til hjå kongen og var i teneste hjå han.

24Sønene til Simeon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul.

25Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma.

26Sønene til Misjma var Hammuel, Sakkur og Sjimi.

27Sjimi hadde seksten søner og seks døtrer. Men brørne hans hadde ikkje mange søner. Difor auka ikkje ætta deira så mykje som Juda-sønene.

28Dei budde i Be’er-Sjeba, Molada og Hasar-Sjual,

29i Bilha, Esem og Tolad,

30i Betuel, Horma og Siklag,

31i Bet-Markabot, Hasar-Susim, Bet-Biri og Sja’arajim – desse byane hadde dei heilt til David vart konge –

32og i landsbyane som høyrde til, i Etam, Ajin, Rimmon, Token og Asjan, fem byar i alt,

33og i alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’al. Dette var bustadene deira, og dei hadde si eiga ætteliste.

34Mesjobab, Jamlek og Josja, son til Amasja,

35Joel og Jehu, son til Josjibja, som var son til Seraja Asielsson,

36Eljoenai, Ja’akoba, Jesjohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja,

37og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri Sjemajason

38– alle desse som her er nemnde med namn, var hovdingar i ættene sine, og ættgreinene deira breidde seg sterkt.

39Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt.

40Og dei fann beite som var grasrikt og godt. Landet var romsleg og vidt, og det var stilt og roleg. Dei som budde der før, høyrde Kams-ætta til.

41På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn. Dei gjekk laus på Kams-folka og meunittane som dei fann der, og bannstøytte dei. Så busette dei seg i landet, og har butt der til denne dag; for der var det beite for sauene deira.

42Sidan drog fem hundre av Simeons-sønene til Se’ir-fjella. Leiarar på ferda var Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji.

43Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har butt der til denne dag.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.