1 Chronicles 11NO1978NN

1Heile Israel kom saman hjå David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du.

2Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»

3Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Og dei salva han til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel.

4No drog David og heile Israel til Jerusalem – det er det same som Jebus. Der budde jebusittane.

5Då sa folket i Jebus til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.

6Den gongen sa David: «Den som fyrst feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom fyrst opp, og han vart hovding.

7David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davids-byen.

8Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og utover. Og Joab bygde opp att resten av byen.

9Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.

10Dette er dei fremste av krigarane til David. Saman med heile Israel gav dei kongedømet hans sterk støtte, så dei fekk gjort han til konge etter Herrens ord om Israel.

11Vi skal no rekna opp krigarane til David: Fyrst var det Jasjobam av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong.

12Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ei av dei tre kjempene.

13Han var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid. Det var ein tett byggåker der, og då folket rømde for filistarane,

14gjekk Elasar midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.

15Ein gong fór tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.

16David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.

17Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»

18Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn

19og sa: «Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt desse mennene som våga livet sitt?» For dei våga livet då dei henta vatn. Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.

20Så var det Absjai, bror til Joab; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

21Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre.

22Benaja Jojadason frå Kabse’el var ein mektig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to kjempene frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brunn og drap ei løve.

23Like eins felte han ein kjempestor egyptar, som var fem alner høg. I handa hadde egyptaren eit spyd, så tjukt som ein vevbom. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut or handa hans og drap han med hans eige spyd.

24Dette gjorde Benaja Jojadason, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane.

25Han var høgt vørd mellom dei tretti; men han kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.

26Dei djervaste krigarane var: Asael, bror til Joab; Elkanan, son til Dodo, frå Betlehem;

27Sjammot frå Harod; Heles frå Pelet;

28Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa; Abieser frå Anatot;

29Sibbekai frå Husja; Ilai frå Akoak;

30Mahrai frå Netofa; Heled, son til Ba’ana, frå Netofa;

31Itai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin; Benaja frå Piraton;

32Hurai frå Ga’asjdalane; Abiel frå Bet-Araba;

33Asmavet frå Bakurim; Eljakba frå Sja’albon;

34Hasjem-sønene frå Gison; Jonatan, son til Sjage, frå Harar;

35Akiam, son til Sjarar, frå Harar; Elifal, son til Ur;

36Hefer frå Mekera; Akia frå Pelet;

37Hesro frå Karmel; Na’arai, son til Esbai;

38Joel, bror til Natan; Mibhar, son til Hagri;

39Selek frå Ammon; Nakrai frå Be’erot, våpensveinen til Joab, son til Seruja;

40Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir;

41hetitten Uria; Sabad, son til Aklai;

42Adina, son til Sjisa, frå Ruben, hovding over Rubens-sønene, og tretti mann med han;

43Hanan, son til Ma’aka; Josjafat frå Mitne;

44Ussia frå Asjtera; Sjama og Je’iel, sønene til Hotam, frå Aroer;

45Jediael, son til Sjimri, og Joka, bror hans, frå Tis;

46Eliel frå Mahanajim, Jeribai og Josjavja, sønene til Elna’am, og Jitma frå Moab;

47Eliel, Obed og Ja’asiel frå Soba.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.