Zechariah 2NO1938N

1So lyfte eg augo mine og fekk sjå fire horn.

2Då spurde eg engelen som tala med meg: Kva er dette? Og han sa til meg: Dette er dei horni som hev spreidt Juda, Israel og Jerusalem.

3So let Herren meg sjå fire smedar,

4og eg spurde: Kva skal desse gjera? Han svara: Horni hev spreidt Juda, so at ingen torde lyfta hovudet; no er desse komne og skal skræma dei og slå av horni på dei heidningfolki som lyfte horn mot Judalandet til å spreida det.

5Og eg lyfte augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi.

6Då spurde eg: Kvar skal du av? Han svara: Eg skal av og mæla Jerusalem og sjå kor breidt og kor langt det skal vera.

7Då kom han fram den engelen som tala med meg, og ein annan engel kom imot han.

8Og han sa til han: Spring og seg til den unge mannen der: Fritt og ope skal Jerusalem liggja; slik ei mengd med folk og fe skal finnast der.

9Men eg skal sjølv vera ein eldmur rundt ikring, segjer Herren, og eg skal syna meg herleg der inne.

10Høyr! Høyr! Skunda dykk burt frå Norderlandet, segjer Herren; for eg hev spreidt dykk for alle heimsens fire vindar, segjer Herren.

11Høyr! Sion, berga deg undan, du som bur hjå Babels dotter!

12For so segjer Herren, allhers Gud: For si æra skuld hev Herren sendt meg til heidningfolki som plundra dykk; for den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans;

13for sjå, eg lyfter handi mi mot dei, og dei skal verta til herfang for dei som no er trælane deira; og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg.

14Ropa høgt av frygd og gleda, du Sions dotter! For sjå, eg kjem og vil bu hjå deg, segjer Herren.

15Og mange heidningfolk skal gjeva seg til Herren på den dagen og verta mitt folk; ja, eg vil bu hjå deg, og du skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til deg.

16Og til sin eigedom og arvlut skal Herren taka Juda i det heilage landet og endå ein gong velja ut Jerusalem.

17Ver stilt, alt kjøt, for Herren! For han hev rise upp og gjenge ut or sin heilage bustad.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.