Zechariah 1NO1938N

1I den åttande månaden i andre styringsåret åt Darius kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so:

2Ofseleg harm var Herren på federne dykkar.

3Seg difor no til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Vend um til meg, segjer Herren, allhers Gud, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers Gud.

4Ver ikkje like federne dykkar, som dei fyrre profetane varsla med sovorne ord: So segjer Herren, allhers Gud: Vend då um frå dei vonde vegane dykkar og dei vonde gjerningane dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.

5Federne dykkar, kvar er dei? Og profetane, kann dei leva til æveleg tid?

6Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud profetane, tenarane mine, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sa: Som Herren, allhers Gud, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss?

7Den fire og tjugande dagen i ellevte månaden - det er månaden sebat - i andre styringsåret åt Darius, kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so:

8Ei syn hadde eg um natti: Eg såg ein mann som reid på ein raud hest; han stod still millom myrtetrei i dalbotnen, og attanfor han stod raude, blakke og kvite hestar.

9Då spurde eg: Kva er dette, herre? Og engelen som tala med meg, svara: Eg skal syna deg kva dette er.

10Mannen millom myrtetrei tok då til ords og sa: Dette er dei som Herren hev sendt ut til å fara ikring på jordi.

11Og dei svara Herrens engel, som stod millom myrtetrei: Me hev fare ikring på jordi, og me hev set at heile jordi kviler i fred og ro.

12Då tok Herrens engel til ords og sa: Herre, allhers Gud! Kor lenge skal det drygja fyrr du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du hev harmast på no i sytti år?

13Herren svara då engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.

14Og engelen som tala med meg, sa til meg: Dette skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Eg er brennande ihuga for Jerusalem og Sion,

15og ovleg vreid er eg på dei sjølvtrygge heidningfolki; for eg var berre litegrand vreid, men dei auka ulukka.

16Difor segjer Herren so: Eg vender meg atter til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers Gud, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.

17Framleides skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal byane mine fløyma yver av det som godt er, endå skal Herren trøysta Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.