Song of Solomon 3NO1938N

1På lægjet leita eg um natti etter han som leikar i min hug; eg leita, men fann han ikkje.

2[Då sa eg:] Eg vil upp og sviva kring i byen, på gatone og på torgi; eg vil leita etter han som leikar i min hug. Eg leita, men fann han ikkje.

3Eg møtte vaktarane, som sviv ikring i byen. [Eg sa til dei:] Hev de set han som leikar i min hug?

4Eg hadde ikkje fyrr gjenge frå dei, fyrr eg fann han som leikar i min hug. Eg tok fat på han og eg slepper han ikkje fyrr eg fær han inn i huset åt mor mi, i koven hennar som åtte meg.

5Eg naudbed dykk, de Jerusalems døtter, ved rådyri eller ved hindane i marki, at de ikkje vekkjer og ikkje eggjer kjærleiken, fyrr sjølv han so vil!

6Kven er ho som kjem upp frå øydemarki, som var det røykstolpar, umfløymd av angande myrra og røykjelse, av alle slag kræmar-kryddor?

7Sjå, her er Salomos seng med seksti kjempor ikring, av Israels herkjempor.

8Alle er væpna med sverd, er røynde i hermannsyrket. Kvar ein ber sverdet ved lend til vern imot fårar um natti.

9Ei bereseng laga kong Salomo seg av Libanons tre.

10Stolpane laga han av sylv, ryggstøi av gull, puta av purpurraudt ty. Inni er ho i kjærleik prydd av Jerusalems døtter.

11De Sions døtter, gakk ut og sjå på kong Salomo med kruna som mor hans hev krynt han med på hans brudlaupsdag, på hans hjarte-fagnads dag.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.