1Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalane.
2Ja, som ei lilja millom klunger, so er min hugnad millom møyar.
3Som ein apal millom trei i skogen, so er min ven millom sveinar; i skuggen hans hev eg å hug å sitja, og frukti er søt for min gom.
4Inn i vinhuset hev han ført meg, og hans merke yver meg er kjærleik.
5Styrk meg med druvekakor, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik.
6Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
7Eg naudbed dykk, Jerusalems døtter, ved rådyri eller ved hindane i marki, at de ikkje vekkjer og ikkje eggjer kjærleiken, fyrr sjølv han so vil!
8Høyr, der er min ven. Sjå der, han kjem springande yver fjelli, hoppande yver haugane.
9Venen min likjest eit rådyr, ein unghjort svipar han på. Sjå der, no stend han bak veggen vår; han glytter gjenom gluggen, ser inn gjenom rimane.
10Min ven tek til ords og segjer til meg: Statt upp, min hugnad, du mi fagre, og kom ut!
11For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt;
12Blomane sprett i landet, songtidi er det no, og turtelduva kurrar i vårt land;
13fiketre-frukti tek til å raudna, og blomen på vintrei angar. Statt upp og kom, min hugnad, du mi fagre, å kom!
14Du mi duva i bergskardi, i livd under fjellveggen! Lat meg sjå din skapnad, lat meg høyra ditt mål! For ditt mål er so blidt og din skapnad so fager.
15Fanga revane for oss, dei små revane som herjar i vingardane! For no stend våre vingardar i bløming.
16Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.
17Innan dagen vert sval og skuggane flyr, kom att, min ven, lik eit rådyr eller den unge hjorten i skardute fjell.