1I den tidi då domarane styrde, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då for ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og båe sønene sine og vilde bu i Moablandet ei tid.
2Mannen heitte Elimelek, og kona hans No'omi og dei tvo sønene Mahlon og Kiljon; dei var efratitar - frå Betlehem i Juda. No kom dei då til Moablandet og vart veranda der.
3Og Elimelek, mannen hennar No'omi, døydde; men ho sat att enkja med dei tvo sønene sine.
4Sønene tok seg konor frå Moablandet; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der på lag ti år.
5So døydde dei og, både Mahlon og Kiljon, og kvinna levde att åleine etter båe sønene sine og mannen sin.
6Då tok ho ut frå Moablandet med sonekonone sine og for heim att; for ho hadde høyrt i Moablandet at Herren hadde set um folket sitt og gjeve dei brød.
7So gav ho seg i veg frå den staden der ho hadde butt, ho og båe sonekonene hennar. Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Judalandet,
8då sa No'omi til sonekonone sine: Snu no og far heim att, kvar til si mor! Herren vere miskunnsam mot dykk, so som de hev vore mot dei avlidne og mot meg!
9Herren gjeve at de må finna ein heim, kvar i huset hjå sin mann! So kysste ho dei; men dei tok til å gråta
10og sa til henne: Nei, me vil fylgja deg attende til folket ditt.
11Men No'omi svara: Far heim att, døtterne mine! Kvifor vil de vera med meg? Hev eg kann henda endå søner i vente som kunde verta mennene dykkar?
12Snu, døtterne mine, og far heim att! For eg er for gamal til å gifta meg att. Og um so var at eg kunde tenkja: Eg hev endå von, ja um eg so alt i natt fekk ein mann, og so vart at eg fødde søner,
13skulde so de bia til dei vart vaksne? Skulde so de stengja dykk inne og leva utan menner? Nei, døtterne mine! For det er mykje verre for meg enn for dykk, etter di Herrens hand hev råma meg so hardt.
14Då tok dei til å gråta att, og Orpa kysste vermor si til avskil, men Rut vilde ikkje skiljast ifrå henne.
15Då sa ho: Du ser versyster di hev fare heim att til folket sitt og til sin gud. Far no du og heim att og fylg versyster di!
16Men Rut svara: Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, vil eg og stana; ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud;
17der du døyr, vil eg og døy, og der vil eg verta gravlagd. Herren late meg bøta for det både no og sidan um noko anna enn dauden fær skilja meg frå deg!
18Då No'omi såg at ho stod fast på sitt og vilde vera med henne, tala ho ikkje meir til henne um det.
19So heldt dei fram etter vegen til dess dei nådde Betlehem. Og då dei kom til Betlehem, kom heile byen i rørsla for deira skuld, og kvinnone sa: Er dette No'omi?
20Men ho sa til dei: Kalla meg ikkje No'omi! Kalla meg heller Mara! For Den Allmektige hev gjort det ovleg beiskt for meg;
21med fulle hender for burt, men tomhendt hev Herren late meg koma att. Kvifor kallar de meg No'omi, når Herren hev vitna mot meg, og den Allmektige hev late det ganga meg so ille?
22So kom då No'omi heim att, og med henne var Rut, Moab-kvinna, sonekona hennar, som hadde flutt frå Moablandet; dei kom til Betlehem fyrstundes i byggskurden.