1I Mispa hadde Israels-mennene svore: Ingen av oss skal gjeva dotter si til nokon benjaminit!
2Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn alt til det vart kveld, og dei storgret
3og sa: Herre, Israels Gud, kvifor skulde dette henda i Israel at det i dag vantar ei heil ætt av Israel?
4Tidleg den andre morgonen bygde folket eit altar der og bar fram brennoffer og takkoffer.
5Då sa Israels-borni: Kven var det millom alle Israels-ættene som ikkje kom upp til Herren saman med lyden? For dei hadde svore sin dyraste eid at den som ikkje kom upp til Herren i Mispa, han skulde lata livet.
6Israels-borni syrgde yver Benjamin, bror sin, og sa: I dag er det hoggi burt ei heil grein av Israel!
7Kva skal me gjera for dei som att er, so dei kann få seg konor, når me hev svore ved Herren at me ikkje vil gjeva dei nokor av døtterne våre?
8So spurde dei att: Var det nokon mann av Israels-folket som ikkje kom upp til Herren i Mispa? Då fekk dei vita at frå Jabes i Gilead var ingen komen til lægret eller til møtet;
9folket vart mynstra, og då synte det seg at ingen av Jabes-buane frå Gilead var der.
10So sende lyden tolv tusund stridsmenner dit og sa til dei: Far av stad og hogg ned Jabes-buane i Gilead - kvinnor og born og!
11Høyr no kva de skal gjera: Kvar karmann og kvar kvinna som hev vore nær nokon karmann og havt samlega med han, skal de bannstøyta.
12Då fann dei millom Jabes-buane i Gilead fire hundrad ungmøyar som aldri hadde vore nær nokon mann og havt samlega med han, og dei tok dei med seg til lægret i Silo i Kana'ansland.
13Og heile lyden sende bod til Benjamins-borni, som var på Rimmonshøgdi, og lova dei fred.
14Då kom benjaminitane att med ein gong, og Israels-mennene let dei få dei kvinnone som dei hadde spart etter av Jabes-folket i Gilead; men det rakk ikkje til for dei.
15Og folket syrgde endå yver Benjamin; for Herren hadde hogge eit skard i Israels-folket.
16Og styresmennene for lyden sa: Kva skal me gjera for dei som att er, so dei kann få seg konor, sidan alle kvinnor i Benjamins-ætti er utrudde?
17Dei som lever etter av Benjamin, skal få det som ætti hev ått, sa dei; for ei heil ætt av Israel må ikkje ganga til grunns.
18Men me kann ikkje gjeva dei nokor av døtterne våre. For Israels-sønene hev svore og sagt: Forbanna vere den som gjev dotter si til ein benjaminit!
19So sa dei: Men høyr no! År um anna held dei ei høgtid for Herren i Silo, som ligg nordanfor Betel, austanfor storvegen som ber frå Betel upp til Sikem, og sunnanfor Lebona.
20Far dit, sa dei til Benjamins-borni, og legg dykk på lur i vinhagane!
21Når de då ser at Silo-møyane kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vinhagane og rana dykk kvar si kona millom Silo-møyane og so fara heim til Benjaminslandet.
22Og når federne eller brørne deira kjem og kjærer seg for oss, so skal me segja til dei: Unn oss desse møyane! For me hev ikkje alle vunne oss konor i striden. Og det er ikkje de som hev gjeve dei møyane; elles hadde de no havt skuld på dykk.
23Og Benjamins-borni gjorde so og henta seg kvar si kona millom møyane som dei rana på dansarvollen. So for dei heim att til odelslandet sitt og bygde upp att byane og vart buande der.
24På same tid drog Israels-borni og burt derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar for heim til sin odel.
25I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar gjorde som han hadde hug til.