Romans 9NO1938N

1Eg segjer sanning i Kristus, eg lyg ikkje, samvitet mitt vitnar med meg i den Heilage Ande,

2at eg i hjarta mitt ber ei stor sorg og ein verk som aldri tryt.

3For eg kunde ynskja at eg sjølv var bannstøytt burt frå Kristus for brørne mine, frendane mine etter kjøtet;

4for dei er israelitar, dei hev barnekåret og herlegdomen og paktene og lovgjevingi og gudstenesta og lovnadene;

5deira er federne, og frå dei er Kristus komen etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen.

6Men med dette vil eg ikkje hava sagt at Guds ord hev vorte um inkje; for ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer difor til Israel;

7og ikkje heller er dei alle Abrahams born for di um dei er ætta frå han; men: Det er etterkomarane etter Isak som skal kallast di ætt,

8det vil segja: ikkje dei som er born etter kjøtet, er Guds born, men dei som er born etter lovnaden, vert rekna til ætti.

9For eit lovnadsord er dette: Ved dette leitet kjem eg att, og då skal Sara ha fenge ein son.

10Og ikkje berre det; men so var det og med Rebekka, ho som var med born med EIN mann, Isak, far vår.

11For medan borni endå var ufødde og endå ikkje hadde gjort anten godt eller vondt, vart det - for di Guds rådgjerd etter hans utveljing skulde standa ved lag, ikkje på grunn av gjerningar, men etter hans vilje som kallar -

12sagt til henne: Den eldre skal tena den yngre;

13som skrive stend: Jakob elska eg, men Esau hata eg.

14Kva skal me då segja? Skulde det finnast urettferd hjå Gud? Langt ifrå!

15For til Moses segjer han: Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynkast yver den som eg ynkast yver.

16So stend det då ikkje til den som vil, ikkje heller til den som renner, men til Gud, som gjer miskunn.

17For Skrifti segjer til Farao: Difor var det just eg reiste deg upp, at eg vilde syna makti mi på deg, og at namnet mitt skulde verta kunnigt yver all jordi.

18So miskunnar han då kven han vil, og forherdar kven han vil.

19So vil du vel segja til meg: Kva hev han so endå å klaga for? For kven stend vel hans vilje imot?

20Men kven er då du, menneske, som trettar imot Gud? Kann vel verket segja til meisteren som gjorde det: Kvi gjorde du meg so?

21Eller hev ikkje krusmakaren rådvelde yver leiret, so han av same deigen kann gjera eitt kjerald til æra og eit anna til vanæra?

22Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og gjera si makt kunnig, like vel med stort langmod tolde vreide-kjeraldi, som var laga til undergang,

23so han og kunde gjera sin ovrike herlegdom kunnig på miskunns-kjeraldi, som han fyreåt hadde butt til herlegdom?

24Og til å vera slike kalla han oss og, ikkje berre millom jødar, men millom heidningar og,

25som han og segjer hjå Hoseas: Det folk som ikkje er mitt, vil eg kalla mitt folk, og henne som ikkje er elska, vil eg kalla den som eg elskar,

26og det skal ganga so at på den staden det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal dei kallast born åt den levande Gud.

27Og Esaias ropar ut yver Israel: Um talet på Israels born er som havsens sand, so skal berre ein liten rest verta frelst.

28For det som Herren hev sagt, skal han setja i verk og snøgt fullføra på jordi.

29Og som Esaias fyreåt hev sagt: Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit sæde, so var me vortne som Sodoma og gjorde like med Gomorra.

30Kva skal me då segja? At heidningar, som ikkje søkte rettferd, dei vann rettferd, men det var rettferdi av tru;

31men Israel, som søkte ei rettferds-lov, dei vann ikkje fram til slik ei lov.

32Kvi då? For di dei ikkje søkte henne av tru, men tenkte dei skulde vinna fram med gjerningar. Dei støytte seg på støytesteinen,

33som skrive stend: Sjå, eg legg i Sion ein stein til støyt og eit berg til fall; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Romans 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.