1Brør! mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste.
2For eg gjev dei det vitnemålet at dei hev ihuge for Gud, men ikkje med skynsemd;
3for sidan dei ikkje kjende Guds rettferd, men streva etter å grunnleggja si eigi rettferd, gav dei seg ikkje inn under Guds rettferd.
4For Kristus er endelykti åt lovi, til rettferd for kvar ein som trur.
5For Moses skriv um den rettferdi som kjem av lovi: Det mennesket som gjer desse ting, skal leva ved dei.
6Men den rettferdi som kjem av tru, segjer so: Seg ikkje med deg sjølv: Kven skal fara upp til himmelen - det vil segja: for å henta Kristus ned -?
7eller: Kven skal fara ned i avgrunnen - det vil segja: for å henta Kristus upp frå dei daude -?
8Men kva segjer ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt - det er ordet um trui, det som me forkynner,
9for sannar du med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte han upp frå dei daude, so skal du verta frelst;
10for med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa.
11For Skrifti segjer: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.
12For det er inkje skil på jøde og grekar; dei hev alle same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han;
13for kvar ein som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
14Korleis kann dei då kalla på ein som dei ikkje trur på? og korleis kann dei tru der dei ikkje hev høyrt? og korleis kann dei høyra utan det er ein som forkynner?
15Og korleis kann dei forkynna utan dei vert utsende? som skrive stend: Kor fagre føtene deira er som forkynner fred, som ber godt bod!
16Men ikkje alle lydde fagnadbodet. For Esaias segjer: Herre, kven trudde vel det han høyrde av oss?
17So kjem då trui av forkynningi, og forkynningi ved Kristi ord.
18Men eg spør: Hev dei då ikkje høyrt det? Jau visst; røysti deira gjekk yver all jordi, og ordi deira til heimsens endar.
19So spør eg: Kjende då Israel ikkje til det? Fyrst segjer Moses: Eg vil gjera dykk åbruige på det som ikkje er eit folk; på eit uvitugt folk vil eg gjera dykk harme.
20Og Esaias er so djerv at han segjer: Eg vart funnen av dei som ikkje søkte meg; eg synte meg for dei som ikkje spurde etter meg;
21men um Israel segjer han: All dagen rette eg ut hendene til eit ulydigt og trassigt folk.