Romans 4NO1938N

1Kva skal me då segja at Abraham, ættefaren vår, hev vunne etter kjøtet?

2For vart Abraham rettferdiggjord av gjerningar, so hev han noko å rosa seg av. Men det hev han ikkje for Gud.

3For kva segjer Skrifti? Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd.

4Men den som hev gjerningar, honom vert løni ikkje tilrekna av nåde, men etter skyldnad;

5den derimot som ikkje hev gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudlege, honom vert trui hans rekna til rettferd.

6Soleis prisar og David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan gjerningar:

7Sæle er dei som hev fenge broti sine tilgjevne og syndene sine yverbreidde.

8Sæl er den mann som Herren ikkje tilreknar synd.

9Gjeld no denne sælkingi berre dei umskorne, eller dei u-umskorne med? For me segjer: Trui vart rekna Abraham til rettferd.

10Korleis vart ho då tilrekna han? Var det etter han var umskoren, eller medan han hadde fyrehud? Det var ikkje etter han var umskoren, men medan han hadde fyrehud,

11og han fekk umskjeringsmerket til innsigle på rettferdi han vann ved den trui han hadde medan han var u-umskoren. Soleis skulde han vera far til alle dei u-umskorne som trur, so rettferdi kunde verta tilrekna dei og,

12og like eins far til dei umskorne som ikkje berre hev umskjeringi, men og fylgjer fari åt den trui som Abraham, far vår, hadde då han var u-umskoren.

13For det var ikkje ved lovi Abraham eller ætti hans fekk den lovnaden at han skulde vera erving til verdi, men ved den rettferdi som kjem av trui.

14For dersom dei som held seg til lovi, er ervingar, so hev trui vorte gagnlaus, og lovnaden er gjort til inkjes;

15for lovi verkar vreide; men der det ingi lov er, der er det ikkje lovbrot heller.

16Difor var det ved trui han fekk lovnaden, so det kunde vera som ein nåde, so lovnaden kunde standa stødt for heile ætti, ikkje berre for den som hev lovi, men og for den som hev Abrahams tru; for han er far åt oss alle -

17som skrive stend: Til far åt mange folkeslag hev eg sett deg - i Guds augo, som han trudde på, han som gjer dei daude levande og talar um det som ikkje er til, liksom det var til.

18Mot von trudde han med von, so han skulde verta far åt mange folkeslag etter det som sagt var: So skal ætti di verta.

19Og han vart ikkje veik i trui når han kom i hug at hans eigen lekam var utlevd - han var då nær innpå hundrad år gamal - og at morslivet hennar Sara var burtvisna.

20Han tvila ikkje i vantru på Guds lovnad, men vart sterk i si tru; for han gav Gud æra

21og var fullviss på at det han hadde lova, det var han og mektig til å gjera.

22Difor vart det og rekna han til rettferd.

23Men det er ikkje berre for hans skuld det ordet stend skrive at det vart han tilrekna;

24det er for vår skuld og; for oss og skal det verta tilrekna, oss som trur på han som vekte Jesus, vår Herre upp frå dei daude,

25han som vart gjeven for våre brot og uppvekt til vår rettferdiggjering.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Romans 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.