Romans 3NO1938N

1Kva fyremun hev då jøden? eller kva gagn er det i umskjeringi?

2Mykje i alle måtar! Fyrst og fremst det at dei hev fenge Guds ord i varveitsla.

3For korleis er det? Um sume var utrue, skulde so deira utruskap gjera Guds truskap um inkje?

4Nei, langt ifrå! Lat det standa fast at Gud er sannordig, men kvart menneske ein ljugar, som skrive stend: So du må finnast rettferdig i dine ord og vinna når du fører di sak.

5Men um vår urettferd syner Guds rettferd, kva skal me so segja? Er då Gud urettferdig når han let sin vreide råma oss? Eg talar på menneskevis.

6Nei, langt ifrå! Korleis kunde Gud då døma verdi?

7Ja, men um no Guds sannleik ved mi lygn hev synt seg so rikleg til æra for han sjølv, kvi vert eg so endå dømd som ein syndar?

8Og skal me ikkje - som dei spottar oss for, og som sume segjer at me lærer folk - gjera det vonde so det kann koma noko godt utav det? Rettferdig er den domen som råmar slike.

9Kva då? Hev me noko framum andre? Nei, slett ikkje. Me hev då fyrr klaga både jødar og grekarar og sagt at dei alle ligg under syndi,

10so som skrive stend: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste;

11det finst ikkje den som er vitug, det finst ingen som søkjer Gud.

12Alle er dei avvikne, dei er duglause vortne alle i hop; det finst ikkje nokon som gjer godt, det finst ikkje ein einaste ein.

13Ei opi grav er strupen deira; med tunga si gjorde dei svik, ormeeiter er under lippone deira.

14Munnen deira er full av forbanning og beiskleik.

15Føtene deira er snøgge når deg gjeld å renna ut blod;

16øyding og usæla er det kvar dei fer,

17og freds veg kjenner dei ikkje.

18Ingen otte for Gud hev dei for augo.

19Men me veit at alt det lovi segjer, det talar ho til dei som hev lovi, so kvar munn skal tagna og heile verdi verta saka for Gud,

20etter di inkje kjøt vert rettferdiggjort for han med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna syndi.

21Men no hev ei rettferd frå Gud, ei som lovi og profetane vitnar um, vorte openberra utan lovi -

22ei rettferd frå Gud ved trui på Jesus Kristus for alle og yver alle som trur. For det finst ingen skilnad;

23alle hev synda og vantar æra for Gud,

24og dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysingi i Kristus Jesus.

25Honom synte Gud fram i blodet hans, som ein nådestol ved trui. Soleis vilde han syna si rettferd, av di han i sitt langmod hadde havt tol med dei syndene som fyrr var gjorde -

26han vilde syna si rettferd i den tidi som no er, so han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus.

27Kvar er so vår ros? Ho er utestengd. Etter kva lov? Lovi um gjerningane? Nei, etter lovi um trui.

28For me held fyre at mennesket vert rettferdiggjort ved trui, utan lovgjerningar.

29Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for heidningane og? Jau, for heidningane og,

30so visst som Gud er ein, og han rettferdiggjer dei umskorne av trui og dei u-umskorne ved trui.

31Gjer me då lovi um inkje med trui? Nei, langt ifrå! Me stadfester lovi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Romans 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.