Romans 15NO1938N

1Me som er sterke, skyldar å bera vanstyrken åt dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.

2Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing!

3For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men, som skrive stend: Hædingane frå dei som hædde deg, dei fall på meg.

4For alt det som fyrr er skrive, det er skrive til lærdom for oss, so me skal hava von ved det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.

5Men den Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må hava eit hjartelag innbyrdes etter Kristi Jesu fyredøme,

6so de samhuga, med EIN munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader!

7Difor skal de taka dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra.

8Eg meiner: Kristus hev vorte ein tenar for dei umskorne for å prova at Gud er sannordig, og stadfesta dei lovnader som federne hev fenge,

9men heidningane skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.

10Og ein annan stad segjer Skrifti: Gled dykk, heidningar, saman med hans folk!

11Og endå ein stad: Lova Herren, alle heidningar, og prisa han, alle folk!

12Og atter ein gong, hjå Esaias: Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg for å råda yver heidningar; på han skal heidningane vona.

13Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui dykkar, so de kann vera rike på von ved den Heilage Andes kraft!

14Eg, mine brør, hev og den visse trui um dykk at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege til jamvel å påminna kvarandre.

15Like vel hev eg her og der i brevet skrive heller djervt til dykk for å kveikja upp att minnet dykkar, etter den nåden som Gud hev gjeve meg:

16at eg skal vera Jesu Kristi offerprest hjå heidningane og gjera prestetenesta med Guds evangelium, so heidningane kann verta eit offer som han hev hugnad i, eit som er helga ved den Heilage Ande.

17So er det då i Kristus Jesus eg kann rosa meg av mi tenesta for Gud.

18For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev gjort ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning,

19med krafti av teikn og under, med krafti av Guds Ande, so eg til fulles hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria,

20men soleis at eg sette mi æra i å ikkje forkynna evangeliet der som Kristus alt var nemnd, so eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll,

21men, som skrive stend: Dei som ingen bodskap hev fenge um han, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.

22Det er mest dette som hev hindra meg frå å koma til dykk.

23Men no som eg ikkje lenger hev noko rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk,

24no vonar eg at eg skal få sjå dykk når eg fer til Spania og då kjem innum dykk, og at de vil fylgja meg på vegen dit, når eg fyrst i nokon mun hev note hugnad hjå dykk.

25Men no fer eg til Jerusalem i ei ærend for dei heilage.

26For Makedonia og Akaia hev rådt seg til å gjera ei innsamling for dei fatige millom dei heilage i Jerusalem.

27Den rådi hev dei teke, og dei stend og i skuld til dei; for hev heidningane fenge lut i dei åndelege gåvone deira, so skylder dei og å tena dei med dei timelege.

28Når eg då hev gjort ifrå meg det og lagt denne frukti i hendene deira, vil eg draga av stad til Spania og vitja dykk på vegen,

29og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med Kristi velsigning i fullt mål.

30Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi skuld og for den kjærleik skuld som Anden verkar, at de må strida saman med meg i dykkar bøner for meg til Gud,

31so eg må verta berga frå dei vantruande i Judea, og ærendi mi til Jerusalem må tekkjast dei heilage;

32då skal eg, um Gud so vil, vitja dykk med fagnad og få kveikja meg saman med dykk.

33Fredsens Gud vere med dykk alle! Amen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Romans 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.