Romans 14NO1938N

1Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankane hans!

2Den eine hev tru so han et alle slag, men den som er veik, et berre urter.

3Den som et, må ikkje vanvyrda den som ikkje et, og den som ikkje et, må ikkje døma den som et; for Gud hev teke seg av han.

4Kven er du som dømer annan manns tenar? Han stend eller fell for sin eigen herre; men han skal verta standande, for Herren hev makt til å halda han uppe.

5Den eine gjer skil på dagane, den andre held alle dagar jamgode; kvar lyt vera fullviss i sin eigen hug.

6Den som aktar på dagen, gjer det for Herren, og den som ikkje aktar på dagen, gjer det for Herren. Og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud; og den som ikkje et, gjer det for Herren og takkar Gud.

7For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv -

8lever me, so lever me for Herren, og døyr me, so døyr me for Herren; anten me då lever eller døyr, høyrer me Herren til.

9For det var difor Kristus døydde og atter vart levande, at han skulde vera herre både yver levande og yver daude.

10Men du, kvi dømer du bror din? eller du, kvi vanvyrder du bror din? me skal då alle fram for Guds domstol.

11For det stend skrive: So visst som eg lever, segjer Herren, for meg skal kvart kne bøygja seg, og kvar tunga skal prisa Gud.

12So skal då kvar av oss svara for seg sjølv framfor Gud.

13So lat oss då ikkje lenger døma kvarandre, men døm heller so at de ikkje skal leggja støyt eller fella for bror dykkar!

14Eg veit og er viss på det i Herren Jesus at ingen ting er urein i seg sjølv; men held nokon eitkvart for ureint, so er det ureint for han.

15Veld du no bror din sorg med maten din, då fer du ikkje fram med kjærleik lenger; ver ikkje med maten din årsak i at den som Kristus hev døytt for, vert fortapt!

16So lat no ikkje det gode de hev, verta til spott!

17For Guds rike ligg ikkje i mat og drykk, men i rettferd og fred og gleda i den Heilage Ande,

18for den som i dette tener Kristus, han hev Gud hugnad i, og han tekkjest menneske.

19Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til uppbyggjing oss imillom!

20Riv ikkje ned Guds verk for mat skuld! Visst er alt reint, men det er vondt for det mennesket som et med samvitsagg.

21Det er godt å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko som bror din støyter seg på.

22Du hev tru; hav henne hjå deg sjølv, for Gud! Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv i det han vel å gjera;

23men den som tvilar, han er dømd um han et, av di det ikkje er av tru han gjer det; alt som ikkje er av tru, er synd.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Romans 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.