1Til songmeisteren: «Tyn ikkje»
2Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjel, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd til dess ulukka gjeng yver.
3Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.
4Han sender hjelp frå himmelen og bergar meg, når hans som vil sluka meg spottar. Sela. Gud sender si miskunn og sin truskap.
5Mi sjel er millom løvor; eg lyt liggja millom dei som spruter eld, millom menneske som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.
6Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
7Dei set garn for mine steg, mi sjel er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela.
8Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg; eg vil syngja og lovsyngja.
9Vakna, mi æra! Vakna, harpa og citar! Eg vil vekkja morgonroden. /
10Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
11For di miskunn er stor alt til himmelen, og din truskap til dei høge skyer.
12Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!