Psalms 56NO1938N

1Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»

2Ver meg nådig, Gud! for menneske vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.

3Mine fiendar freistar å sluka meg heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.

4Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.

5Ved Gud prisar eg hans ord; til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva skulde kjøt kunna gjera meg?

6Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.

7Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine steg, av di dei trår etter livet mitt.

8Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!

9Du hev talt kor ofte eg hev fare på flukt; mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?

10Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg at Gud er med meg.

11Ved Gud prisar eg ordet; ved Herren prisar eg ordet.

12Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann eit menneske gjera meg?

13Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa dei med takkoffer til deg.

14For du hev berga mi sjel frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Guds åsyn i ljoset åt dei levande.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 56.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.