1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.
2Høyr dette, alle folk, vend øyra til, alle de som bur i verdi,
3både låge og høge, rike og fatige, alle saman!
4Min munn skal tala visdom, og det som mitt hjarta tenkjer upp, er vit.
5Eg vil halla mitt øyra til fyndord, eg vil segja fram mi gåta til harpeljod.
6Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg,
7dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom?
8Ein mann kann ikkje løysa ut ein bror, kann ikkje gjeva Gud løysepengar for han
9- utløysingi av deira liv er for dyr, og han lyt lata det vera til æveleg tid -
10so han skulde halda ved å leva for alltid og ikkje sjå gravi.
11Nei, han skal få sjå henne. Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre.
12Einaste tanken i deira hjarta er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn.
13Men eit menneske i herlegdom vert ikkje verande; han er lik dyri, som gjeng til grunns.
14So gjeng det dei som er fulle av tru til seg sjølve, og dei som fylgjer etter dei og likar deira tale. Sela.
15Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter dei, og dei trurøkne råder yver dei, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger.
16Men Gud skal løysa ut mi sjel or helheims vald; for han skal taka meg til seg. Sela.
17Ottast ikkje når ein mann vert rik, når hans hus kjem til stor herlegdom!
18For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans herlegdom skal ikkje fara ned etter han.
19Um han og velsignar si sjel i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar,
20so skal du då koma til di fedreætt, dei som ikkje ser ljoset i all æva.
21Eit menneske i herlegdom, som ikkje hev vit, er lik dyri, som gjeng til grunns.