Psalms 48NO1938N

1Ein song, ein salme; av Korahs born.

2Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.

3Fagert ris det, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, byen åt den store kongen. /

4Gud er i borgene der, han hev synt at han er ei fast vern.

5For sjå, kongane kom saman og drog fram i lag.

6Dei såg - då vart dei forfærde; dei vart vitskræmde, flydde i bråhast.

7Ein skjelv greip dei der, angest som hjå ei barnsjuk kvinna.

8Med austanvind braut du sund Tarsis-skip.

9Liksom me hadde høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers Gud by, i vår Guds by; Gud gjer han fast til æveleg tid. Sela.

10Me grundar på di miskunn, Gud, midt i ditt tempel.

11Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endane av jordi; di høgre hand er full av rettferd.

12Sionfjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar.

13Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn!

14Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar borger, so de kann fortelja um det til den komande ætt.

15For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 48.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.