1Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song. /
2Gud er vår hyggja og vår styrke, ei hjelp i trengslor, røynd og funni stor.
3Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar i havsens hjarta,
4um havbårone dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.
5Der er ei å, hennar bekker gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.
6Gud er midt i han, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper han i morgonlysingi.
7Folkeslag rasa, rike vart rikka; han let si røyst ljoda, jordi bråna.
8Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
9Kom og sjå Herrens storverk, som hev gjort øydeleggjing på jordi.
10Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognene brenner han upp i eld.
11Hald upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.
12Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.