1Til songmeisteren, etter «Liljor»
2Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg segjer: Mitt kvede er um ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars griffel.
3Du er den fagraste av mannsborni, ynde er utrend på dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
4Bitt til lendi ditt sverd, du veldige, di høgd og din herlegdom!
5Og far i din herlegdom sigrande fram for sanning og rettferdigt spaklynde! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
6Din piler er kveste, folkeslag fell under deg, dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.
7Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
8Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
9Av myrra og aloë og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinslott fagnar deg strengleik.
10Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.
11Høyr, dotter, og gjev gaum og halla øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,
12og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! For han er din herre, og du skal falla ned for han.
13Og Tyrus' dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - rikmennene i folket.
14Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.
15I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer henne; dei vert førde inn til deg.
16Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongsslottet.
17I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja dei til hovdingar utyver heile jordi.
18Eg vil prisa ditt namn millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.