Psalms 31NO1938N

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd!

3Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg!

4For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg.

5Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev lagt for meg; for du er mi vern.

6I di hand gjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.

7Eg hatar dei som aktar på tome avgudar, men eg, eg set mi lit til Herren.

8Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjelenaud;

9du hev ikkje gjeve meg i fiendehand, du hev sett mine føter på ein romlendt stad.

10Ver meg nådig, Herre! for eg er i naud; mitt auga er upptært av hugverk, ja, mi sjel og min lekam.

11For mitt liv kverv burt med sorg, og mine år med sukk; mi kraft fell av for mi misgjerning skuld, og mine bein er utmødde.

12For alle mine fiendar skuld hev eg vorte til stor spott for mine grannar og til ei skræma for mine kjenningar; dei som ser meg på gata, flyr undan for meg.

13Eg er gløymd og ute or hjarta som ein daud mann; eg hev vorte som eit sundbrote kjerald.

14For eg høyrer baktale av mange, redsla frå alle kantar, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv.

15Men eg, eg set mi lit til deg, Herre! Eg segjer: Du er min Gud.

16I di hand stend mine tider; berga meg or handi på mine fiendar og frå dei som forfylgjer meg! /

17Lat di åsyn lysa yver din tenar, frels meg ved di miskunn!

18Herre, lat meg ikkje verta til skammar! for eg ropar til deg. Lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen!

19Lat lygn-lippone verta mållause, dei som talar skamdjervt mot den rettferdige med ovmod og vanvyrdnad!

20Kor stor er din godhug, som du hev gøymt åt dei som ottast deg, som du hev vist mot dei som flyr til deg, for augo på mannsborni!

21Du løyner dei i løynrom for di åsyn mot samansvorne menner, du gøymer dei i ei hytta mot kiv av tungor.

22Lova vere Herren! for han hev vist si miskunn imot meg på underfull vis i ein fast by.

23Og eg, eg sa i mi hugsott: Eg er burtriven frå dine augo. Men endå høyrde du røysti av mine inderlege bøner, då eg ropa til deg.

24Elska Herren, alle hans trugne! Herren vaktar dei trufaste, men gjev rikleg attergjeld til den som fer ovmodigt fram.

25Ver hugheile og lat dykkar hjarta vera sterkt, alle de som ventar på Herren!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.