1Ein salme, ein song då huset vart vigt, av David.
2Eg vil upphøgja deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.
3Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.
4Herre, du hev ført mi sjel upp or helheimen, du hev vekt meg upp til liv frå dei som fer ned i gravi.
5Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!
6For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men um morgonen vert det gledesong.
7Men eg sa i min tryggleik: Eg skal ikkje verta rikka i all æva.
8Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.
9Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg so audmjukt:
10Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann moldi prisa deg, kann ho forkynna din truskap?
11Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!
12Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda,
13so mi æra skal lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre min Gud, eg vil æveleg prisa deg. /