1Av David. / Til deg, Herre, ropar eg. Mitt berg, ver ikkje dauv imot meg, so eg ikkje, um du tegjer til meg, skal verta lik dei som fer ned i gravi!
2Høyr røysti av mine inderlege bøner, når eg ropar til deg, når eg lyfter mine hender til ditt heilage høgkor!
3Riv meg ikkje burt med dei ugudlege og med ugjerningsmenner, dei som talar um fred med sin næste, men med vondt i sitt hjarta!
4Gjev dei etter deira gjerning og etter deira vonde åtferd! Gjev dei etter det deira hender hev gjort, løn dei som dei hev fortent!
5For dei ansar ikkje på det som Herren gjer, eller på verket av hans hender; han skal riva dei ned og ikkje byggja dei upp.
6Lova vere Herren, for han hev høyrt røysti av mine inderlege bøner!
7Herren er min styrke og min skjold; til han hev mitt hjarta sett si lit, og eg fær hjelp; difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa han med min song.
8Herren er deira styrke og ei vern til frelsa for den han hev salva. /
9Frels ditt folk og velsigna din arv, og fød dei og ber dei til æveleg tid!