1Av David. / Herre, til deg lyfter eg mi sjel.
2Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar, lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg!
3Ja, ingen av dei som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar som utan årsak bryt si tru.
4Herre, lat meg kjenna dine vegar, lær meg dine stigar!
5Leid meg fram i din truskap og lær meg! for du er min Frelse-Gud, på deg ventar eg all dagen.
6Herre, kom i hug di miskunn og dine nådeverk! for dei er frå æveleg tid.
7Kom ikkje i hug min ungdoms synder og mine misgjerningar! Kom meg i hug etter di miskunn for din godhug skuld, Herre!
8Herren er god og rettvis; difor lærer han syndarar vegen.
9Han leider dei spaklyndte i det som rett er, og lærer dei spaklyndte sin veg.
10Alle Herrens stigar er miskunn og truskap mot dei som held hans pakt og hans vitnemål.
11For ditt namn skuld, Herre, forlat meg mi misgjerning! for ho er stor!
12Kven er den mann som ottast Herren? Honom lærer han den veg han skal velja.
13Hans sjel skal stødt bu i sæla, og hans avkjøme skal erva landet.
14Herren hev samlag med dei som ottast han, og hans pakt skal verta kunngjord for dei.
15Mine augo er stendigt vende til Herren, for han dreg mine føter ut or garnet.
16Vend deg til meg og ver meg nådig! for eg er einsleg og arm.
17Min hjarteverk hev dei gjort stor; før meg ut or mine trengslor! /
18Sjå min armodsdom og mi møda, og forlat meg alle mine synder!
19Sjå mine fiendar, dei er mange, og dei hatar meg med rettlaust hat.
20Vara mi sjel og berga meg, lat meg ikkje verta til skammar! for eg flyr til deg.
21Lat uskyld og ærlegdom verja meg! for eg ventar på deg.
22Å Gud, løys Israel ut or alle sine trengslor!