Psalms 24NO1938N

1Av David, ein salme. / Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur der.

2For han hev grunnlagt henne på hav og grunnfest henne på strøymande vatn.

3Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?

4Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.

5Han skal få velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.

6Dette er deira ætt som spør etter han, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela.

7De portar, lyft upp dykkar hovud, ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!

8Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldig, Herren veldig i strid.

9De portar, lyft upp dykkar hovud, ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!

10Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers Gud, han er kongen den herlege. Sela.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.