1Ei bøn av David. / Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå sviklause lippor!
2Lat min rett ganga ut frå di åsyn, dine augo skoda kva rett er!
3Du hev prøvt mitt hjarta, gjesta det um natti, du hev ransaka meg, du fann ingen ting; min munn vik ikkje av frå mine tankar.
4Mot det som menneske hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar.
5Mine fet heldt seg stødt til dine farvegar, mine steg var ikkje utstøde.
6Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud! Halla øyra ditt til meg, høyr mitt ord!
7Vis miskunn med underfulle verk, du som med di høgre hand frelser dei som flyr til deg, frå dine motstandarar!
8Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen av dine venger
9for dei ugudlege som øydelegg meg, mine fiendar til dauden, som kringset meg!
10Dei let sitt feite hjarta att, med sin munn talar dei i ovmod.
11Kvar me gjeng, kringgjeng dei meg no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi.
12Han er lik ei løva som stundar etter å riva sund, og ei ungløva som ligg i løyne.
13Statt upp, Herre, stig fram imot han, støyt han ned, frels mi sjel frå den ugudlege med ditt sverd,
14frå menneski med di hand, frå menneski av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine leivner etter seg til sine born!
15Eg skal i rettferd skoda di åsyn, eg skal, når eg vaknar, mettast av din skapnad.