1Ein miktam av David. / Vara meg, Gud! for eg flyr til deg. /
2Eg segjer til Herren: Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg -
3med di eg held meg til dei heilage som er i landet, og dei herlege som eg hev all min hugnad i.
4Mange sorger skal dei hava som byter åt seg andre; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor. /
5Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du gjer min lut herleg.
6Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.
7Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um nætene minner mine nyro meg um det.
8Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.
9Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg; ja, ogso mitt kjøt skal bu i trygd. /
10For du vil ikkje yverlata mi sjel til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.
11Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.