Psalms 135NO1938N

1Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar,

2de som stend i Herrens hus, i fyregardane til vår Guds hus!

3Lova Herren! for Herren er god, syng lov for hans namn! for det er ljuvleg.

4For Herren hev valt seg ut Jakob, Israel til sin eigedom.

5Eg veit at Herren er stor, og vår Herre er større enn alle gudar.

6Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup,

7han som let regnskyer stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, fører vind ut or sine gøymslor,

8han som slo dei fyrstefødde i Egyptarland, både av folk og fe,

9som sende teikn og under midt i deg, Egyptarland, mot Farao og alle hans tenarar,

10han som slo mange heidningfolk og drap mektige kongar,

11Sihon, amoritarkongen, og Og, Basan-kongen, og alle Kana'ans kongerike,

12og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk.

13Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt.

14For Herren skal døma sitt folk, og sine tenarar skal han miskunna.

15Heidninge-avgudane er sylv og gull, eit verk av mannehender.

16Dei hev munn, men talar ikkje; dei hev augo, men ser ikkje;

17dei hev øyro, men høyrer ikkje, og det er ingen ande i deira munn.

18Som dei sjølve er, vert dei som lagar dei, alle som set si lit til dei.

19Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren!

20Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren!

21Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 135.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.