1Ein song til høgtidsferdene. / Dei som lit på Herren, er som Sionfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.
2Kringum Jerusalem er fjell, og Herren hegnar sitt folk frå no og i all æva.
3For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, so ikkje dei rettferdige skal retta ut sine hender til urett.
4Gjer godt, Herre, mot dei gode, mot dei som hev eit ærleg hjarta!
5Men dei som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara i lag med dei som gjer urett. Fred vere yver Israel!