Psalms 124NO1938N

1Ein song til høgtidsferdene; av David. / Hadde ikkje Herren vore med oss - so segje Israel -

2hadde ikkje Herren vore med oss då menneske stod upp imot oss,

3so hadde dei gløypt oss levande, då deira vreide loga imot oss,

4so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjel,

5so hadde dei gjenge yver vår sjel, dei storlåtne vatni.

6Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner!

7Vår sjel slapp undan som ein fugl or fangarsnara; snara rivna sund, og me slapp undan.

8Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 124.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.