1Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov.
2Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer han av alt sitt hjarta
3og ikkje gjer urett, men ferdast på hans vegar.
4Du hev gjeve dine fyresegner so ein skal halda dei vel.
5Å, måtte vegane mine verta faste, so eg held dine fyreskrifter!
6Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bod.
7Eg vil prisa deg av eit ærleg hjarta når eg lærer å kjenna dine rettferds-lover.
8Dine fyreskrifter vil eg halda; du må ikkje reint forlata meg!
9Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.
10Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg; lat meg ikkje villast burt frå dine bod!
11I mitt hjarta hev eg gøymt ditt ord so eg ikkje skal synda imot deg.
12Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter!
13Med lippone mine hev eg forkynt alle lover frå din munn.
14Eg hev gledt meg yver vegen etter dine vitnemål, som yver all rikdom.
15På dine fyresegner vil eg grunda og tenkja på dine stigar.
16I dine fyreskrifter frygdar eg meg, eg gløymer ikkje ditt ord.
17Gjer vel imot din tenar, so eg fær leva! Då vil eg halda ditt ord.
18Lat upp augo mine, so eg kann skoda dei underfulle ting i di lov!
19Ein gjest er eg på jordi; løyn ikkje dine bod for meg!
20Mi sjel er sundknasa, so eg lengtar etter dine lover til kvar tid.
21Du hev truga dei ovmodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bod.
22Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! For eg hev akta på dine vitnemål.
23Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter.
24Dine vitnemål er og min hugnad; dei er mine rådgjevarar.
25Mi sjel ligg nedi dusti; haldt meg i live etter ditt ord!
26Eg fortalde deg um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter!
27Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under.
28Mi sjel græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord!
29Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov!
30Truskaps veg hev eg valt, dine lover hev eg sett framfor meg.
31Eg held meg til dine vitnemål; Herre, lat meg ikkje verta til skammar!
32Vegen etter dine bodord vil eg springa; for du friar mitt hjarta frå otte.
33Herre, lær meg vegen etter dine fyreskrifter! So vil eg taka vare på han alt til enden.
34Gjev meg skyn! So vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta.
35Leid meg fram på dine bodords stig! For han er til hugnad for meg.
36Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!
37Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!
38Gjer sannrøynt for din tenar ordet ditt, som er for dei som ottast deg!
39Tak burt mi vanæra, som eg er redd! For dine lover er gode.
40Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner; haldt meg i live ved di rettferd!
41Lat dine nådegjerningar koma yver meg, Herre, di frelsa etter ditt ord!
42Eg vil gjeva svar til han som spottar meg; for eg lit på ditt ord.
43Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min! For eg ventar på dine domar.
44Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid.
45Lat meg ferdast i det frie! For eg spør etter dine fyresegner!
46Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.
47Eg frygdar meg ved dine bod, som eg elskar.
48Eg lyfter mine hender til dine bod, som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.
49Kom i hug ordet til din tenar, med di du hev gjeve meg von!
50Det er mi trøyst i min vesaldom at ditt ord hev halde meg i live.
51Dei ovmodige hev spotta meg mykje; frå di lov hev eg ikkje vike.
52Eg kom i hug dine domar frå gamle dagar, Herre, og eg vart trøysta.
53Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege, som vender seg ifrå di lov.
54Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand.
55Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov.
56Dette timdest meg: at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter.
57Herren er min lut, sa eg, med di eg heldt dine ord.
58Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!
59Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål.
60Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bod.
61Bandi åt dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt.
62Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferds-lover.
63Eg held meg til alle dei som ottast deg, og som held dine fyresegner.
64Jordi er full av di miskunn, Herre; lær meg dine fyreskrifter!
65Du hev gjort vel imot tenaren din, Herre, etter ditt ord.
66Lær meg god skynsemd og kunnskap! For eg trur på dine bod.
67Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt; men no held eg ditt ord.
68Du er god og gjer godt; lær meg dine fyreskrifter!
69Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg; eg held dine fyresegner av alt mitt hjarta.
70Deira hjarta er som ein feittklump; eg fegnast ved di lov.
71Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter.
72Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund gull- og sylvstykke.
73Dine hender hev skapt meg og laga meg til; gjev meg skyn, so eg kann læra dine bod!
74Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg; for eg ventar på ditt ord.
75Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og i truskap hev du bøygd meg ned.
76Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar!
77Lat di miskunn koma yver meg, so eg kann leva! For di lov er mi lyst.
78Lat dei ovmodige verta skjemde! For dei hev trykt meg utan årsak; eg grundar på dine fyresegner.
79Lat dei koma attende til meg, dei som ottast deg og kjenner dine vitnemål!
80Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar!
81Mi sjel naudstundar etter di frelsa; eg ventar på ditt ord.
82Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: Når vil du trøysta meg?
83For eg er som ei vinhit i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje. /
84Kor mange er vel dagane for din tenar? Når vil du halda dom yver dei som forfylgjer meg?
85Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje lever etter di lov.
86Alle dine bod er trufaste; utan årsak forfylgjer dei meg; hjelp meg!
87Dei hev mest tynt meg i landet; men eg hev ikkje gjenge ifrå dine fyresegner.
88Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg halda vitnemålet frå din munn!
89Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen.
90Frå ætt til ætt varer din truskap; du grunnfeste jordi, og ho stod der.
91Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar. /
92Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud.
93I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner; for ved dei hev du halde meg i live.
94Din er eg, frels meg! For eg hev spurt etter dine fyresegner.
95Dei ugudlege hev venta på meg og vil tyna meg; eg aktar på dine vitnemål.
96På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men ditt bod rekk ovleg vidt.
97Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.
98Dine bod gjer meg visare enn mine fiendar; for æveleg eig eg dei.
99Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar; for eg grundar på dine vitnemål.
100Eg er vitugare enn dei gamle; for eg hev teke vare på dine fyresegner.
101Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord.
102Frå dine lover hev eg ikkje vike; for du hev lært meg upp.
103Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min!
104Av dine fyresegner fær eg vit; difor hatar eg kvar lygnestig.
105Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.
106Eg hev svore - og eg hev halde det - å halda dine rettferds-lover.
107Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord!
108Lat min munns friviljuge offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine lover!
109Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt.
110Dei ugudlege hev lagt snara for meg, men eg hev ikkje villa meg burt frå dine fyresegner.
111Eg hev fenge dine vitnemål til æveleg eiga; for dei er mi hjartans gleda.
112Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter æveleg, alt til enden.
113Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg.
114Du er mi livd og min skjold, eg ventar på ditt ord.
115Vik frå meg, de som gjer vondt, so eg kann halda min Guds bod!
116Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann leva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von!
117Styd meg, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter.
118Du aktar for inkje alle dei som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd.
119Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål.
120Eg rys i holdet av redsla for deg, og eg ottast for dine domar.
121Eg hev gjort rett og rettferd; du vil ikkje gjeva meg yver til dei som trælkar meg.
122Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga han vel! Lat ikkje dei ovmodige trælka meg!
123Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferds ord.
124Gjer med din tenar etter di miskunn, og lær meg dine fyreskrifter!
125Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål!
126Det er tid for Herren til å gripa inn; dei hev brote di lov.
127Difor elskar eg dine bod meir enn gull, ja meir enn fint gull.
128Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig.
129Underfulle er dine vitnemål; difor tek mi sjel vare på dei.
130Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke.
131Eg let munnen upp og sukka av lengting; for eg stunda etter dine bod.
132Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot dei som elskar ditt namn!
133Gjer mine steg faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg!
134Løys du meg ut or menneskevald! So vil eg halda dine fyresegner.
135Lat di åsyn lysa for din tenar, og lær meg dine fyreskrifter!
136Vassbekker renn or augo mine av di folk ikkje held di lov.
137Herre, du er rettferdig, og dine domar er rettvise.
138Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap.
139Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord.
140Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det.
141Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt.
142Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning.
143Naud og trengsla fann meg; dine bod er mi lyst.
144Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann leva!
145Eg ropar av alt mitt hjarta; svara meg, Herre! Eg vil taka vare på dine fyreskrifter.
146Eg ropar til deg, frels meg! So vil eg halda dine vitnemål.
147Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på dine ord.
148Mine augo var uppe fyre nattevaktene, so eg kunde grunda på ditt ord.
149Høyr mi røyst etter di miskunn! Herre, haldt meg i live etter dine lover!
150Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte.
151Du er nær, Herre, og alle dine bod er sanning.
152Longe sidan veit eg av dine vitnemål at du hev grunnfest dei i all æva.
153Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For eg hev ikkje gløymt di lov.
154Før mi sak og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord!
155Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dei spør ikkje etter dine fyreskrifter.
156Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar!
157Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; eg hev ikkje vike frå dine vitnemål.
158Eg såg dei utrue og fekk mothug, av di dei ikkje heldt ditt ord.
159Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn!
160Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov ved lag.
161Hovdingar forfylgde meg utan årsak, men mitt hjarta ottast dine ord.
162Eg gleder meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang.
163Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska.
164Sju gonger um dagen hev eg prisa deg for dine rettferdige lover.
165Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær dei til å snåva.
166Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bod hev eg halde.
167Mi sjel hev halde dine vitnemål, og dei var meg inderleg kjære.
168Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål; for alle mine vegar er for di åsyn.
169Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord!
170Lat mi hjartebøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord!
171Mine lippor skal fløda yver av lovsong; for du lærer meg dine fyreskrifter.
172Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bod er rettferd.
173Lat di hand vera meg til hjelp! For eg hev valt dine fyresegner.
174Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst.
175Lat mi sjel leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg!
176Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! For eg hev ikkje gløymt dine bod.